Elbasan

Koordinatar: 41°06′N 20°04′E / 41.100°N 20.067°E / 41.100; 20.067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elbasani)
Elbasan
Utsyn over byen frå ein ås
Utsyn over byen frå ein ås
Utsyn over byen frå ein ås
Byvåpenet til Elbasan
Byvåpenet til Elbasan
Styresmakter
Land
Region
Albania
Elbasan
Grunnlagd 1400-talet
Borgarmeister Qazim Sejdini
Geografi
Flatevidd
 - By

872 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

141.714[1]
Koordinatar 41°06′N 20°04′E / 41.100°N 20.067°E / 41.100; 20.067
Høgd over havet 150 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC +1 (UTC1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.elbasani.gov.al
Plassering
Elbasan kommune innafor regionen Elbasan
Elbasan kommune innafor regionen Elbasan
Elbasan kommune innafor regionen Elbasan

Elbasan (albansk: Elbasan eller Elbasani) er ein by og ein kommune i Albania, og er administrasjonssenteret til regionen med same namn. Elbasan ligg sentralt i landet ved elva Shkumbin og er ein av dei største byane i Albania med om lag 140 000 innbyggjarar i kommunen (2011). Kommunen, som i nord grensar til regionen Tirana, har eit areal på 872 kvadratkilometer.

Gate i Elbasan

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var romarane som grunnla byen og bygde festningar her, men det var først på 1600-talet at byen utvikla seg frå ei festning (El Basan), bygd av den tyrkiske sultanen Mehmed II i 1466.

Fram til Den andre verdskrigen var Elbasan ein av dei finaste ottomanske byane i Albania, med ei blanding av bygningar frå Austen og mellomalderen , smale brusteinsgater og ein stor basar der ein framleis kunne høyre tyrkisk. Innanfor bymurane var det eit eige kristent område, i utkanten av byen eit vlacher-distrikt og fleire fine moskear og islamske bygningar. På denne tida var det om lag 15 000 innbyggjarar i byen.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Elbasan vart slått saman med landkommunane Labinot-Fushë, Labinot-Mal, Gjinar, Shushicë, Gjergjan, Funarë, Shirgjan, Tregan, Gracen, Bradashesh, Zavalinë og Papër.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Elbasan.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Elbasan 78 703 innbyggjarar, medan dei 13 kommunane som i dag utgjer storkommunen Elbasan, til saman hadde 141 714 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Elbasan hovudstad i distriktet Elbasan.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Elbasan.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]