Elbil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lading av elbil (Renault Zoe.)

Ein elbil (fork. for elektrisk bil) er ein bil som vert driven av elektrisk energi. Den elektriske energien vert lagra i oppladbare batteri. Ein elbil er mykje meir energieffektiv enn bilar med forbrenningsmotor, og motoren ureinar heller ikkje ved å sleppa ut gassar som CO2 eller NOx. Ulempa med bilane er at dei har kort rekkjevidda, samanlikna med andre typar bilar, og at det tek lang tid å ladda dei opp.

Motor og drivverk[endre | endre wikiteksten]

Elbilar nyttar anten induksjonsmotorar eller børstelaus likestraumsmotorar, som på trass av namnet òg er vekselstraumsmotorar. Børstelause likestraumsmotorar er noko enklare å kontrollera, men dei er kostbare å produsera, på grunn av at dei nyttar permanetmagnetar. Induksjonsmotorar, derimot, treng ikkje permanentmagnetar, og dei er svært robuste og tilnærma vedlikehaldsfrie. Børstelause likestraumsmotorar har mindre tap og difor høgare verkningsgrad, så dei fleste elbilane nyttar desse. Men val av motortype er i stor grad avhengig av bruksområde til bilen.[1] Dei fleste elbilane har ein motor per drivne aksling; bilar med tohjulsdriv har ein motor og bilar med firehjulsdrift har to. Dei lyt difor vera utstyrte med differensial, på same måte som bilar med forbrenningsmotor. Om ein har ein separat motor for kvart drivhjul.[2] treng ein ikkje differensial, men det kan framleis vera fornuftig a festa motorane i karosseriet, med drivakslingar ut til hjula. Dette for at uavfjøra masse ikkje skal verta for stor.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«La Jamais Contente», den fyrste bilen til å nå 100 km/h i 1899.

Nokre av dei første bilane som vart produserte, var elbilar. Det første elektrisk drivne køyretøyet vart laga av skotten Robert Anderson mellom 1838 og 1839.[3] Det første køyretøyet som kom opp i over 100 km/t, «La Jamais Contente», var drive av elektrisk energi.[4]

Dei store produsentane var seint ute med å utvikla og masseprodusera elbilar, både av di dei var usikre på lønsemda og av di batteriteknologien var underutvikla. Bilindustrien og oljeindustrien har vorte skulda for medviten sabotasje av teknologiutviklinga innan dette feltet. Motviljen bilbransjen har mot å produsera slike bilar, fører òg til at etterspurnaden er mykje høgare enn tilbodet.

Dei få elbilane som var å få tak i var for det meste småbilar mynta på køyring tettbygde strok. Men etter at Tesla i 2009 tok til å produsera ein elektrisk sportsbil gjekk det opp for dei tradisjonelle produsentane at det kom til å verta ein marknad for elbilar. Dette sette fart i utviklinga av nye elbilar. At Volkswagen var teken i å fuska med utsleppsverdiane for dieselmotorane sine har truleg òg vore ei medverkande orsak til at dei tradisjonelle produsentane skjøna at marknaden for bilar med forbrenningsmotor kjem til å krympa i tida framover.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Trovao, J.P., Pereirinha, P.G., Ferreira. F.J.T.E., Comparative Study of different electric machines in the powertrain of a small electric vehicle, Proc. 2008 Int. Conf on Electric Machines, Paper 1363, pp. 1-6, 2008.
  2. Rahim, N.A., Ping, H.W. og Tadjuddin, M., Design of axial flux permanent magnet brushless DC motor, Proc. IEEE Power Engineering Society General Meeting for Direct Drive of Electric Vehicle, ss. 1-6, 2007.
  3. Roth, Hans (mars 2011). Das erste vierrädrige Elektroauto der Welt [The first four-wheeled electric car in the world] (på tysk). s. 2–3. 
  4. «La Jamais Contente» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 10. oktober 2006. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]