Elbil Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kewet Buddy

Elbil Norge AS er eit norsk selskap som produserer elbilar.

Produksjonskapasiteten vart i 2005 utvida til ein årsproduksjon på mellom 100 og 500 bilar.

Firmaet, som opphavleg heitte Kollega Bil, starta i 1992 med å marknadsføra den elektriske bilen Kewet, som vart produsert i Hadsund i Danmark. I 1995 var produksjonen vart flytta til Nordhausen i Tyskland, men etter ei stund vart den på nytt flytta attende til Hadsund. I 1998 kjøpte Kollega Bil i produksjonsrettigheitene og starta produksjon i Oslo.

Ein ny modell, Kewet Buddy vart set i produksjon i 2005. Buddy er ein liten bil, mynta på bykjøring. Den er bygd på ei stålramme, med glassfiberkarosseri. Typisk rekkevidd mellom kvar opplading er 50 til 80 km, men rekkjevidda kan aukast til 150 km ved bruk av Li-Ion-batteri. Toppfarten er på 80 km/t.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]