Hopp til innhald

Elche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elche
Elx
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Valencia
Provins Alicante
Høgd 86 m
Areal 326 100 000 km²
Folketal 243 128 (2024)
Postnummer 03201–03206
Kart
Elche
38°16′01″N 0°41′54″W / 38.266944444444°N 0.69833333333333°W / 38.266944444444; -0.69833333333333
Wikimedia Commons: Elx

Elche (valenciansk Elx) er ein by i provinsen Alicante i regionen Valencia i Spania. Byen har kring 245 0000 innbyggjarar.[1] og er den tredje største byen i Valencia og den 20. største i Spania.

Delar av kommunen Elche ligg ved kysten, men sjølve byen ligg 15 km frå Middelhavet. Den vesle elva Vinalopó renn gjennom byen og deler han i to.

Altamira-borga i Elche.

La Alcudia ligg 10 km frå der Elche ligg i dag og var ein forgjengar for Elche. Denne staden var busett av iberarar og så okkupert av kartagarar og romarane. Romarane kalla byen Ilici og gav han status som colonia. Etter ei kort stund under Austeromarriket tok gotarane over og skipa eit bispesete her.

Elche vart mindre viktig i perioden under maurarane då han vart flytta noko lenger nord enn dagens plassering. Jakob II av Aragon tok byen frå maurarane på 1200-talet under Reconquista. Byen voks gjennom 1700-talet og vart viktig på 1800-talet då jernbanen vart lagt hit og den industrielle utviklinga skaut fart.

Det finst mange arkeologiske spor i Elche, mellom ein steinbyste av Frua av Elche (Dama de Elche/Dama d'Elx) som den viktigaste. Denne er datert til den iberiske perioden (300-talet fvt.). Originalen står i dag på Det nasjonale arkeologimuseumet i Spania.

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. februar 2009, henta 25. oktober 2009 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Elche