Eld Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°20′S 157°12′E
Eld Peak
fjell
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Topp Oates Land
 - høgd 800 moh.
 - koordinatar 69°20′S 157°12′E
Administrert under Antarktistraktaten
Eld Peak is located in Antarktis
Eld Peak (Antarktis)

Eld Peak er eit markant fjell, 800 moh, som ligg 6 nautiske mil søraust for Reynolds Peak på vestsida av Matusevichbreen i Antarktis. To kjegleforma fjelltoppar vart oppdaga i området frå «Peacock» den 16. januar 1840 av matros Henry Eld og William Reynolds under US Exploring Expedition (USEE) (1838–42). Den søraustlege toppen vart kalla opp etter Eld av løytnant Charles Wilkes. I 1959 undersøkte Phillip Law frå Australian National Antarctic Research Expedition fjella i området. Referansane til Wilkes synte at toppen som vart sett av Eld og Reynolds passa med bilete av toppane på vestsida av Matusevichbreen. Fjellet skildra her fekk derfor namnet som Wilkes gav.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Eld Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).