Elderslie

Koordinatar: 55°50′N 4°29′W / 55.833°N 4.483°W / 55.833; -4.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elderslie

skotsk-gælisk Ach na Feàrna
Wallace Monument
Wallace Monument
Wallace Monument
Plassering
Elderslie is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Renfrewshire
Tradisjonelt grevskap Renfrewshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

5 180
Koordinatar 55°50′N 4°29′W / 55.833°N 4.483°W / 55.833; -4.483
Diverse annan informasjon
Postnummer PA5
Telefon-retningsnummer 0 1505
Commons har multimedium som gjeld: Elderslie

Elderslie er ein landsby i regionen Renfrewshire i Skottland. Han har kring 5000 innbyggjarar. Den gamle stavemåten for staden er «Ellerslie». Landsbyen ligg 4 km unna Paisley og ligg midtveges mellom Paisley og Johnstone. Elderslie er kjent for å vere den sannsynlege fødestaden for den skotske nasjonalhelten William Wallace.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elderslie er Ach-na-Feàrna i skotsk-gælisk, men namnet kjem frå Alder lea, eller elloern på gammal-engelsk der «li» tyder «snever». Landsbyen vart grunnlagt i 1398, sjølv om det var busetjing i området lenge før den tida, som Eldersly. Timothy Ponts kart frå 1596 har merkt staden som Ellersley.

William Wallace-monumentet vart avduka han 28. september 1912 av Sir Thomas Glen-Coats. Det vart forma av J. C. Murrey frå Westminister. Det er rundt 12 meter høgt og fundamenta er 7 meter over bakken. Kvar einaste august blir «Wallace Day» arrangert med ein marsj frå sentrum av Johnston til monumentet.

William Wallace vart fødd i Elderslie rundt 1271. Ei lokal segn om eiketreet «Wallace Oak» fortel at Wallace unngjekk å bli fanga av engelskmennene ved å gøyme meir enn 100 av mennene sine i eit gigantisk tre. Treet forfall grunna alder og suvernierjegerar som fjerna barken. Ein avlegg frå ei 300 år gamle Wallace-barlind vart planta på utsida av den nye skotske parlamentsbygningen i Edinburgh.

I nærleiken av vegen som går til Gleniffer Braes finst større helleristningar med mange sirklar og groper som blir kalla for «kopp-og-ring»-markeringar, ikkje ulik tilsvarande som finst på vestkysten i Noreg. Dei blir trudd å vere minst 3000 år gamle og kan vere symbol på velstand og mengd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]