Eldgjá
Utsjånad
| Eldgjá | |||
| vulkan | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjelltype | Vulkansprekk | ||
| Koordinatar | 64°14′05″N 18°24′11″W / 64.23472°N 18.40306°W | ||
![]() Eldgjá 63°58′00″N 18°36′33″W / 63.966666666667°N 18.609166666667°W | |||
| Wikimedia Commons: Eldgjá | |||
Eldgjá (islandsk uttale eld-gjao) er ein vulkan og ein elvedal på Island. Eldgjá og dei nærliggande Laki-kratera er ein del av det same vulkansystemet som Katla sør i landet. Eldgjá tyder «eldgjel» på norsk.
Dalen ligg mellom Landmannalaugar og Kirkjubæjarklaustur, og på det djupaste er gjelet 270 meter djupt og 600 meter breitt. Han vart oppdaga av Þorvaldur Thoroddsen i 1893. Det første dokumenterte utbrotet i 934 var den største flaumbasalten i historisk tid. Det er estimert at 18 km³ med lava strøymde ut av jorda. Arkivert 2007-06-29 ved Wayback Machine.
Det ligg ein flott foss kalla Ófærufoss i dalen. Ei naturleg bru over fossen forsvann i 1993 på grunn av smeltande is. Smeltevatnet førte til stor vassføring som vaska bort brua.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eldgjá» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2007.
