Eldhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
EIldhus i Aust-Agder
Grue, bakaromn og komfyr i eldhus. Reiskapar for bakaromnen: Brødstang, feiekost og glorake. Lengst til venstre skimtar ein vaskeservant og ystebenken.

Eldhus (frå norrønt eldhús) eller størhus (norrønt steikarahús) er nemninga på ein bygning med eldstad til ein viss bruk, til dømes vasking eller baking. Ulike stader har ein også kjend bygningen som bakarstue, bryggarhus, kylne, masstu (matstove) og sørpehus.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eldhus var vanlege frå norrøn tid, og var ein av dei viktigaste husa på gardane. Lenge var eldstaden ei åre, også etter at hovudhusa fekk peis. Eldhusa var i bruk på den norske landsbygda fram til moderne tid.

Som regel var eldhuset eit eittroms hus med dør i gavlveggen, ofte eit lafta tømmerhus. I Vest-Noreg fann ein også mange bygningar i grindbygg med bordveggar.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Det vanlege utstyret var ei storgryte, ei nedmurt bakstehelle, ein brødomn og ein båsomn/peis. Ein kunne ha fleire eldstader, men røyken frå dei gjekk opp gjennom den same pipa. Huset kunne òg innehalde utstyr til å brygge og vaske klede. Det vart gjerne òg nytta i samband med slaktinga på garden, og til ysting og smørkjerning.

Eldhuset var gjerne gardkona sin arbeidsplass, og inneheldt gjerne ein arbeidsbenk og eit stort langbord. Huset kunne òg innehalde overnattingsstad for gjestar.

Sjå òg andre gardsbygningar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«eldhus» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.