Electric Ladyland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Electric Ladyland
Studioalbum av The Jimi Hendrix Experience
Utgjeve 25. oktober 1968
Innspelt Olympic Studios i London & Record Plant Studios, New York, juli, desember 1967, januar 1968, april–august 1968
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock, progressiv rock
Lengd 75:47
Selskap Reprise, Track, Barclay, Polydor
Produsent Jimi Hendrix
Kritikk
The Jimi Hendrix Experience-kronologi
Axis: Bold as Love
(1968)
Electric Ladyland Band of Gypsys
(1970)


Electric Ladyland er det tredje og siste albumet til the Jimi Hendrix Experience, utgjeve i oktober 1968 på Reprise Records. Det var det siste studioalbumet til Jimi Hendrix som han produserte sjølv. Det toppa den amerikanske albumlista i to veker i november 1968.[6] Det kontroversielle britiske plateomslaget synte bilete av ei gruppe nakne kvinner. Dette vart raskt endra til eit portrett av Hendrix som syng.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Det vart gjeven ut som eit dobbelalbum og syner alle sidene ved det musikalske talentet til Hendrix. Det inneheld fleire sjangrar og musikkstilar, den psykedeliske «Burning of the Midnight Lamp», som vart gjeven ut som singel i Storbritannia sommaren 1967, den lange bluesjammen «Voodoo Chile», den New Orleans-aktige R&B-songen av Earl King «Come On», den episke studioproduksjonen «1983... (A Merman I Should Turn to Be)», samfunnskommentaren «House Burning Down», britpop-songen til Noel Redding, «Little Miss Strange». Albumet inneheld òg ein omarbeidd versjon av Bob Dylan-klassikaren «All Along the Watchtower», som Dylan sjølv likte særs godt,[7] samt «Voodoo Child (Slight Return)», som er ein særs kjend gitarlåt.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Hendrix nytta songar som var spelt inn tidlegare, byrja arbeidet med albumet for fullt våren 1968 i det nyopna Record Plant Studios i New York. Under innspelinga av albumet byrja Hendrix å krangle med produsent Chas Chandler og bassist Noel Redding. Alt presset med dei omfattande turneplane og at Hendrix ønskte å ha eit liv utanom, gjorde at han inviterte venene sine og kjende til studioet. Chas Chandler mislikte å vere så mykje i studio og skulda det delvis på gjestene. Chandler slutta i mai 1967 og overlet produksjonsansvaret til Hendrix sjølv.

Perfeksjonismen til Hendrix i studio var legendarisk - han og Mitchell spelte inn over 50 forsøk av «Gypsy Eyes» over tre innspelingsperiodar,[8] og Hendrix var generelt usikker på stemma si og spelte ofte inn vokalen gøymd bakom skjermar i studio. Hendrix song all korvokalen sjølv på tittelsporet og på «Long Hot Summer Night».[9]

På mange av songane på albumet utvida Hendrix den originale trioen med å samarbeide med andre musikarar, som Dave Mason, Chris Wood og Steve Winwood frå Traffic; framtidige Band of Gypsys-trommis Buddy Miles; Jefferson Airplane-bassist Jack Casady; og tidlegare Dylan-organist Al Kooper. Samarbeidet mellom Hendrix og bassist Noel Redding, som hadde same meining som Chandler om tida dei brukte i studio, var spent under innspelinga.[10] Hendrix spelte derfor bass på mange av songane, mellom anna bassoloen på «1983».[11]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Den britiske utgåva av albumet nådde sjetteplassen og utgjevinga var kontroversiell. Hendrix skreiv eit brev til Reprise der han skildra nøyaktig kva han ville ha på omslaget. Han bad om eit fargefoto av Linda Eastman gruppa sitjande med born på ein skulptur frå Alice in Wonderland i Central Park i New York.[12] Selskapet laga i staden eit uskarpt raudt og gult bilete av hovudet hans, teken av Karl Ferris. Track Records laga sitt eige omslag, som synte 19 nakne kvinner som låg på ein svart bakgrunn.[13]

I 2005 kåra lesarane av Q Electric Ladyland til det 38. beste albumet gjennom tidene. I 2003 plasserte VH1 det på 72. plass. I 2003 sette Rolling Stone albumet på 54. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. Albumet er òg omtalt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side one
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «...And the Gods Made Love»   Jimi Hendrix 1:21
2. «Have You Ever Been (To Electric Ladyland)»   Hendrix 2:11
3. «Crosstown Traffic»   Hendrix 2:25
4. «Voodoo Chile»   Hendrix 15:00
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Little Miss Strange»   Noel Redding 2:52
6. «Long Hot Summer Night»   Hendrix 3:27
7. «Come On (Let the Good Times Roll)»   Earl King 4:09
8. «Gypsy Eyes»   Hendrix 3:43
9. «Burning of the Midnight Lamp»   Hendrix 3:39
Side tre
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
10. «Rainy Day, Dream Away»   Hendrix 3:42
11. «1983... (A Merman I Should Turn to Be)»   Hendrix 13:39
12. «Moon, Turn the Tides...Gently Gently Away» (instrumental) Hendrix 1:02
Side fire
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
13. «Still Raining, Still Dreaming»   Hendrix 4:25
14. «House Burning Down»   Hendrix 4:33
15. «All Along the Watchtower»   Bob Dylan 4:01
16. «Voodoo Child (Slight Return)»   Hendrix 5:12

Den britiske utgåva hadde ei anna rekkefølgje på songane.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Uncut Review
  2. Allmusic Review
  3. Blender Review
  4. Rolling Stone Review
  5. BBC Review
  6. Billboard Archives henta 16. mars 2011
  7. Dimery, Robert. 1001 Albums You Must Hear Before You Die, ISBN 0-7893-1371-5, s.136
  8. McDermott et al., Ultimate Hendrix, s. 98-100.
  9. Electric Ladyland, MCAD 10895, 1993, liner notes.
  10. Appleby, Carol, and Redding, Noel. Are You Experienced? - The Inside Story of The Jimi Hendrix Experience. London: Fourth Estate, 1990, passim.
  11. MCA 1993 liner notes.
  12. Electric Ladyland. Experience Hendrix/MCA 11600, 1997, liner notes.
  13. Electric Ladyland. Track Records 613 010, 1968, cover photo.


55:
 Elvis Presley 
Elvis Presley
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
54


The Jimi Hendrix ExperienceElectric Ladyland

53:
 The Birth Of Soul: The Complete Atlantic Recordings 
Ray Charles