Electronic Meditation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Electronic Meditation
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 1970
Innspelt Oktober 1969
Sjanger Eksperimentell musikk
Krautrock
Lengd 36:37
Selskap Ohr
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi
Electronic Meditation Alpha Centauri
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Pitchfork Media(7.6/10)[2]

Electronic Meditation er debutalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i juni 1970.

Innspeling og historie[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1969 møtte Edgar Froese, grunnleggjaren av Tangerine Dream, Klaus Schulze og Conrad Schnitzler. Denne trioen skipa besetninga av Tangerine Dream som spelte inn dette albumet. Det er det einaste Tangerine Dream-albumet med denne besetninga.[3]

Albumet vart spelt inn i eit fabrikklokale dei leigde i Berlin i oktober 1969 med hjelp av ein tospors lydbandopptakar frå Revox.[4] Med seg hadde bandet to andre musikarar: Jimmy Jackson på orgel og Thomas Keyserling på fløyte, men ingen av dei vart førte opp i plateomslaget.[3]

Stilen på albumet var ei unik form for frijazz, elektronisk kunstmusikk og instrumental rock; eller som magasinet Sound on Sound skildra det, «fri elektronisk rock».[4] Instrumenta dei nytta varierte frå vanlege instrument som gitar, orgel, trommer og cello, til sjølvbygde elektroniske apparat av Edgar Froese og «funne lydar» som knust glas, brennande papir og tørre erter i ei sil. Baklengsvokalen på slutten av side to er Edgar Froese som les på baksida av ein ferjebillett frå Dover til Calais. Med den originale plata på vinyl følgde det med ein ballong i coveret. Dette fekk ein òg med den japanske CD-utgåva frå 2004.[3]

Edgar Froese fortalte i 1980 i eit intervju med Neumusik: «I 1969 møtte eg Klaus i Berlin. Han var ein særs dårleg trommis, men han hadde ein slags galskap som eg såg etter. Det var det som skjedde med Tangerine Dream framover. Alle folka som gjekk gjennom bandet kom inn i bandet fordi dei hadde ein slags galskap ved seg. Det er det eg trur. Det er ein slags musikk du ikkje kan skape om du er heilt normal. Electronic Meditation vart laga av absolutt amatørar. Me kunne ikkje utstyret vårt, og då me spelte inn albumet kunne me ikkje få noko plateselskap interessert. Rolf-Ulrich Kaiser var interessert og gav oss noko pengar.»[3]

Klaus Schulze fortalte i 1994: «Me spelte inn og turnerte med Electronic Meditation. For meg var det hovudsakleg eit elektronisk album. Edgar spelte gitar, Schnitzler orgel og eg trommer med mange effektar. Me eksperimenterte med mykje tilfeldige greier og skapte våre eigne lydar. Eg hugsar at Conrad hadde ein metallkopp full av glasbitar, som han festa ein mikrofon til og festa til kvar maskin. Eg spelte mange forskjellige perkussive lydar som vart endra av maskinane. Det var flott å vere i eit band som var så open for å eksperimentere.»[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Edgar Froese, Klaus Schulze, Conrad Schnitzler

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Genesis»   5:57
2. «Journey Through a Burning Brain»   12:26
Side to
# Tittel Lengd
3. «Cold Smoke»   10:38
4. «Ashes to Ashes»   4:06
5. «Resurrection»   3:27

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]