Elektret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit elektret er eit dielektrikum. Enkelte stoff, til dømes ei blanding av voks og harpiks, vil når dei i smelta tilstand blir polarisert i eit elektrisk felt og så avkjølt slik at dei størknar medan dei framleis er i feltet, behalde polarisasjonen sin når feltet vert fjerna. Lekamen ein får viser seg då å vere sterkt positivt ladd på den eine sida og negativt ladd på den andre sida. Det minnar derfor om ein permanent magnet, noko som har gjeve opphav til namnet.

Oliver Heaviside kom opp med namnet i 1885. Stoff med elektret-eigenskapar vart derimot studert så tidleg som på 1700-talet. Eit dømøe er elektrofor, eit apparat som består av ei plate med elektret-eigenskapar og ei fråskild metallplate. Elektroforen vart først funnen opp av Johan Carl Wilcke i Sverige og sidan på ny av Alessandro Volta i Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]