Elektrisk element

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektriske element er idealiserte elektriske komponentar, som motstandar, kondensatorar og induktorar, nytta i analysar av elektriske nettverk. Alle elektriske nettverk kan analyserast som samansette elektriske element i eit prinsippdiagram eller koplingsskjema, og kvar av desse påverkar spenninga i nettverket eller straumen gjennom nettverket. Desse ideelle elektriske elementa representerer verkelege, fysiske elektriske komponentar, men dei eksisterer ikkje sjølv fysisk og ein tar utgangspnnkt i at dei har ideelle eigenskapar i ein konsentrert elementmodell, medan komponentane er objekt utan ideelle eigenskapar og med ei uvisse i verdiane deira og ein viss grad av ikkje-linearitet.

Krinsanalyse ved hjelp av elektriske element er nyttige for å forstå mange praktiske elektriske nettverk som nyttar komponentar. Ved å analysere korleis eit nettverk vert påverk av dei individuelle elementa sine, er det mogeleg å estimere korleis eit verkeleg nettverk vil oppføre seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]