Hopp til innhald

Elektrisk motor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein likestraumsmotor.

Ein elektrisk motor, elektromotor eller elmotor er ein transduser som omformar elektrisk energi til mekanisk energi. Elektriske motorar fungerer ved at ein elektrisk straum i eit magnetfelt skapar eit dreiemoment, eller lineær kraft, som set ein aksling i rørsle. Elektriske motorar kan grovt klassifiserast som likestraumsmotorar og vekselstraumsmotorar, med det finst mange ulike typar laga for ymse bruk.