Elektromagnetisk absorpsjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Absorpsjon er ein fysisk prosess der energien til eit foton blir tatt opp av eit anna objekt, som eit atom der elektron gjer eit sprang mellom to elektroniske energinivå. Fotona blir øydelagt i prosessen. Den absorberte energien kan strålast tilbake som strålingsenergi eller bli omforma til varmeenergi. Absorpsjon av lys under bølgjeforplanting blir ofte kalla demping.

Absorpsjonsevna til ein lekam avgjer kor mykje lys det kan absorbere. Dette kan vere avhengig av andre eigenskapar til lekamen gitt ved Beer-Lambert si lov.

For dei fleste stoff varierer absorpsjonsmengda med bølgjelengda til lyset, og dette fører til forskjellige fargar i pigment som berre absorberer visse bølgjelengder. Til dømes vil ein lekam som absorberer blått, grønt og gult lys har raud farge i kvitt lys. Eit absorpsjonsspektroskop kan brukast til å identifisere stoff ved å gjere målingar av forskjellige bølgjelengder.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]