Elektromagnetisk linse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektromagnetisk linse eller magnetisk linse er eit elektrisk eller magnetisk felt som vert nytta til å styre ladde partiklar som elektron eller ion. Styrken kan ofte varierast ved hjelp av elektromagnetar. Magnetiske linser vert nytta i forskjellige apparat, som katodestrålerøyr over elektronmikroskop til partikkelakseleratorar.

Ei magnetisk linse består typisk av fleire elektromagnetar sett opp i ein kvadrupol, sekstupol eller høgare format.

Dei passerande partiklane er utsette for to vektorkrefter (parallell til kjernen) og (parallell til radiusen til linsa). får partiklane til å gå i ein spiral gjennom linsa, og denne spiralbanen utset elektronet for som igjen fokuserer elektronet. Merk at magnetfeltet ikkje er homogent og partiklane nær senteret er mindre avbøygd enn dei som passerer linsa lengst borte frå sentrum.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hafner B., 2008, Introductory Transmission Electron Microscopy Primer, Characterization Facility, University of Minnesota - "Reference"