Elektromagnetisk puls
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein elektromagnetisk puls, forkorta EMP, er ein kortvarig intensiv elektromagnetisk utlading som i nokre tilfelle kan medføre skadar på elektroniske komponentar. Ein skil vanlegvis mellom elektromagnetiske pulsar skapt av kjernefysiske våpen (NEMP) eller konvensjonelle våpen, og elektromagnetiske pulsar skapt av naturskapte fenomen som til dømes lynutladingar (LEMP).
Ein elektromagnetisk bombe er anten ei konvensjonell bombe eller ei atombombe som er spesielt konstruert for å omdanne mykje av energien til ein elektromagnetisk puls.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Elektromagnetisk puls» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2011.