Elektromotorisk spenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektromotorisk spenning (ems) er spenninga mellom polane til ei elektrisk straumkjelde som ikkje leverer straum. Ems har symbolet , , eller berre E. Eininga er volt (V).

Den elektromotoriske spenninga til eit elektrisk batteri kan målast ved hjelp av eit voltmeter kopla til pluss- og minuspolen på batteriet. Så lenge ikkje noko anna er kopla til batteriet, vil den store motstanden i voltmeteret gjere at særs lite straum går i kretsen. Voltmeteret vil dermed tilnærma måle den elektromotiske spenninga.

Den elektromotoriske spenninga til ei spenningskjelde i ein krins er lik summen av den indre og ytre spenningen:

ℰ = RiI + RyI

Sidan RyI = Up (polspenninga) kan vi sjå at polspenninga alltid vil vere mindre enn eller lik den elektromotoriske spenninga. Vi kan òg sjå frå likninga at viss spenningskjelda er ubelasta, så er den elektromotoriske spenninga lik polspenninga.

Elektromotorisk kraft er eit eldre omgrep for elektromotorisk spenning, forkorta EMK eller emk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]