Elektrostatisk generator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein Van de Graaff-generator, for demonstrasjon i klasserom.

Ein elektrostatisk generator, eller elektrostatisk maskin, er eit mekanisk apparat som produserer statisk elektristet, eller elektrisitet med høgspenning og låg likestraum. Kjennskapen til statisk elektrisitet går attende til dei tidlegaste sivilisasjonane, men i tusenvis av år var det berre eit interessant og mystisk fenomen, og ein kjente ikkje til korleis det oppførte seg og vart ofte forveksla med magnetisme. Mot slutten av 1600-talet hadde forskarar utvikla praktiske måtar å generere elektrisitet på ved hjelp av gniding, men utviklinga av elektrostatiske generatorar byrja ikkje for fullt før på 1700-talet, då dei vart viktige instrument i studiet av den nye vitskapen elektrisitet. Elektrostatiske generatorar opererer ved hjelp av manuell (eller anna) energi for å omforme mekanisk arbeid til elektrisk energi. Elektrostatiske generatorar skapar elektrostatiske ladningar med motsette forteikn på to leiarar berre ved hjelp av elektriske krefter og arbeid med å flytte platene, tromlane eller belta som fører den elektriske ladinga til ein elektrode med høgt potensial. Ladinga vert anten generert ved hjelp av triboelektrisk effekt (friksjon eller gnidig) eller elektrostatisk induksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]