Hopp til innhald

Partikkelfysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elementærpartikkelfysikk)
Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Partikkelfysikk er den delen av fysikken som handlar om dei minste bestanddelane av materien, og kreftane som virkar mellom dei. Det som er kjent per i dag er oppsummert i standardmodellen. Sjølv om denne modellen gjev ei særs presis skildring av alle eksperiment som er gjort, er det semje om at det må finnast fysikk utover det som er skildra i han, og det blir difor drive aktiv forsking, både teoretisk og eksperimentelt, for å lære meir.

Eksperimentell partikkelfysikk

[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste kjelda til kunnskap innan partikkelfysikk er eksperiment der subatomære partiklar kolliderast med kvarandre, og resultatet observerast ved hjelp av store detektorar. Slike eksperiment blir gjort med partikkelakseleratorar, som ved hjelp av elektriske felt akselererer partiklane til nær lysfarten, før dei ved hjelp av magnetiske felt styrast til å kollidere. Dei fleste eksperimenta kolliderer elektron mot positron, proton mot proton, eller proton mot antiproton.

Teoretisk partikkelfysikk

[endre | endre wikiteksten]

Den teoretiske partikkelfysikken har to hovudoppgåver. Den første er å lage ein matematisk modell som skildrar dei resultata partikkelfysikk-eksperimenta kjem fram til. Den andre er å leite etter utvidingar av modellen som er bygd på dei eksperimentelle resultata. Den andre oppgåva er viktig fordi han er avgjerande for å designe framtidige eksperiment på ein best mogleg måte.