Elena Engelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elena Engelsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. september 1952 (71 år)
Østre Toten kommune
Yrke bilethoggar
Ektefelle Per Ung
Elena Engelsen på Commons

Elena Engelsen (fødd 6. september 1952Kapp på Toten) er ein norsk bilethoggar. Spesialiteten hennar er eksotiske dyr. Ho har laga ei rekkje skulpturar i stein som belgisk hardstein, marmor og kalkstein, i tillegg til bronse og tre.[1]

Elena Engelsen er dotter av treskjeraren Henning Engelsen og syster av Angelina Engelsen. Ho var elev ved SHKS 1969-71 og hadde steinhoggarpraksis i Amsterdam 1974-1979. Ho debuterte på Haustutstillinga i 1977, og med separatutstilling på Galleri Tanum i 1978.[2]

Blant dei best kjende verka til Engelsen er Tigeren ved Oslo sentralstasjon. Marmorskulpturen hennar Sommerfuglpuppe (1982) er hjå Nasjonalmuseet. Oslo Kommunes kunstsamlinger og Østre Toten kommune har også kjøpt inn verk av Engelsen.[1]

Engelsen var gift med Per Ung, som også var bilethoggar. Saman med ektemannen laga ho skulpturen Peer Gynt til hestLøren.

I 2021 blei ho tildelt Anders Jahres kulturpris.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Blom, Hege (26. februar 2020). «Elena Engelsen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Elena Engelsen-Wisse». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  3. Vedeler, Linda Marie (2. juni 2021), «Skaparen av Tigeren på Jernbanetorget i Oslo har vunne pris for sin innsats som bilethoggar», NRK, henta 3. juni 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]