Elephant Talk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elephant Talk
Singel av King Crimson
frå albumet Discipline
B-side

Matte Kudasai

Innspelt 1981
Sjanger progressiv rock
Lengd 4:42
Selskap Warner Bros.
Komponist Adrian Belew
Låtskrivar(ar) Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp, Tony Levin
Produsent King Crimson, Rhett Davies
King Crimson-kronologi 
«Matte Kudasai»
(1981)
Elephant Talk «Thela Hun Ginjeet»
(1981)


«Elephant Talk» er ein song av bandet King Crimson og kom ut i 1981 på Discipline. Songen var hovudsakleg dominert av Tony LevinChapman stick, som spelar ein Go-go-aktig basslinje. Bandet spelar vers, refreng og fleire gitarsoloar. Soloane vart spelt og prosessert slik at dei høyrdest ut som elefantrop eller pipande mus.

Adrian Belew syng fem strofer med humoristisk tekst, og kvart vers sluttar og byrjar med setninga «Talk! It's only talk!». Den andre teksten består av ropte synonym for snakking, der kvar strofe inneheld ord med ein forskjellig tekst (bokstavrim). Dei fem strofene går alfabetisk (den første strofa nyttar synonym for snakking som byrjar med «A», den neste «B» og så vidare). Vokalen til Belew minnar mykje om David Byrne, som Belew spelte med i bandet Talking Heads.

Songen vart gjeven ut som singel i 1981 med «Matte Kudasai» som B-side. Det vart òg gjeven ut ein 12"-versjon med ein «Dance mix» av «Elephant Talk» og songen «Thela Hun Ginjeet».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]