Elevador de Santa Justa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Interiøret i den eine av heiskabinene
Elevador de Santa Justa-tårnet med gangbrua over til Largo do Carmo

Elevador de Santa Justa («Sankta Justaheisen»), som òg vert kalla Elevador do Carmo, er ein offentleg personheis i eit eige 45 meter høgt støypejarnstårn i Portugals hovudstad Lisboa. Heisen gjev samband mellom det historiske sentrumsområdet, Baixa Pombalina, og Largo do Carmo (Carmotorget) høgre oppe i lia som byen ligg i.

Vindeltrappa opp til utsynsterrassen

Heisen er konstruert av ingeniøren Raul Mesnier de Ponsard (1849-1914), som var fødd i byen Porto i Portugal av franske foreldre. Han står attom mellom anna kabelbanene Elevador da Glória, Elevador da Bica og Elevador da Lavra i Lisboa, som vart bygde i slutten av 1880-åra. Elevador de Santa Justa vart bygd i åra 1900 til 1902, og er saman med kabelbanene populære turistattraksjonar. Opphavleg vart heisen driven av ein dampmaskin, men vart gjort om til ein elektrisk driven heis i 1907.

Heistårnet er utforma i nygotisk stil med ulike mønstre på kvar avsats, og har to heiskabinar med interiør i tre. Kvar av dei tek 24 passasjerar. I toppetasjen, som det går ein vindeltrapp opp til, er det ein terrasse som gjev godt utsyn over Castelo de São Jorge («São Jorgeslottet»), Praça de D. Pedro IV («Don Pedro IV-plassen»), Baixa Pombalina («nedrebyen») og elva Tejo.

Heisen er verna som historisk monument.