Elevorganisasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elevorganisasjonen
Org.nummer981070151
Skipa1999
HovudkontorOslo
LeiarAnna Holm Heide (Sogn og Fjordane)
MedlemmerOm lag 370 skular

Elevorganisasjonen er ein partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon for elevar og lærlingar under vidaregåande opplæring og i ungdomsskulen. Organisasjonen benyttar seg av institusjonsbasert medlemsskap, og har i dag om lag 355 medlemsskular i Noreg. Anna Holm Heide frå Sogn og Fjordane er leiar frå 1. juli 2010.

Elevorganisasjonen er delt opp i nitten fylkeslag. I kvart fylkeslag er det eit fylkesstyre. Dette styrer Elevorganisasjonen i fylket til dagleg, i tillegg til å gå på skule. Kvar fylkesleiar sit i Landsstyret til Elevorganisasjonen.

Årsmøtet til Elevorganisasjonen (Elevtinget) er det nest største i Noreg; berre LO-kongressen sitt årsmøte er større. Sentralstyret i Elevorganisasjonen er sett saman av om lag femten ungdommar frå heile Noreg, og styrer organisasjonen til dagleg. Operasjon Dagsverk sin leiar (Fredrikke Marie Trana frå 5. desember 2010) har òg ein plass i Elevorganisasjonen sitt sentralstyre, då Operasjon Dagsverk er ein del av Elevorganisasjonen, sjølv om Operasjon Dagsverk er organisert gjennom sitt eiget styre, Hovedkomiteen.

Elevorganisasjonen hadde årleg ein skulepolitisk kanmpanje, som eit av sine medlemstilbod. Denne kampanjen valde Elevtinget i 2007 å legge ned.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Elevorganisasjonen (EO) vart formelt skipa i 1999, då dei to konkurrerande organisasjonane Norsk Elevorganisasjon (NEO) og Norges Gymnasiastsamband (NGS) vart samanslått.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]