Elfenbein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elfenbein skore ut til hole kuler inni kvarandre.
Tverrsnitt av støyttanna til ein mammut.

Elfenbein (no sjeldan: filsbein) er eit naturmateriale som kjem frå støyttennene til elefantar. Det er sterkt, men kan også skjerast til. Materialet er danna av tannbein (ein type dentin), og finst også hjå andre dyr. Elfenbein har lenge vore eit etterspurt materiale som har vore brukt i mellom anna kunst og nyttegjenstandar. Etterspurnaden etter materialet har ført til elefantjakt og feire stader ført til store nedgangar i dyretal.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Elfenbein er finkorna og hardt, men elastisk. Fargen er kvitleg, men gulnar med tida. Støyttennene til elefantar er svakt krumma og hole i den tjukkaste enden. Dei har eit årringliknande mønster, «schregerske linjer», som ein kan sjå i tverrsnitt og på tilverka elfenbein.

Dentinet i elfenbein frå elefantar inneheld ca. 65-70 % hydroksylapatitt Ca5(PO4)3OH (ein variant av apatitt), kollagen og protein frå elastin. Dei viktigaste gemmologiske verdiane er ein lysbrytingsindeks på 1,54, hardheit på 2,5-2,75, og eigenvekt på 1,7-2,0.

Tannbein frå alle typar dyr har liknande samansetjing, men støyttennene til elefantar skil seg ut gjennom storleiken. Tennene frå hanndyr blir størst, opptil 2 m lange og 30–90 kg. Andre dyr ein også bruker tannmaterialet til på same måte som elfenbein er mellom anna flodhest, kvalross, spermkval, narkval, spekkhoggar og vortesvin.

Historisk bruk[endre | endre wikiteksten]

«Venus frå Brassempouy», eit utskore stykke mammutelfenbein frå eldre steinalder, er 25 000 ar gammalt.

Historisk har elfenbein vore nytta til å laga bruksting, men framfor alt til pynt og kunstverk. Det er funne tilverkingar av elfenbein frå mammut frå Cro Magnon-menneske som levde ved slutten av siste istida, og frå andre steinalderkulturar. Det er gjort fleire arkeologiske funn av enkle våpen og amulettar som er opp mot 7 000 år gamle, særleg i Kina. Dei eldste funna av tilverka elfenbein frå Thailand, eit sett smykkeperler, er 5 500 år gamle. Seinare laga ein kammar, armringar og anna kunst.[1] Også dei gamle egyptarane tok i bruk elfenbein til å laga utskorne figurar.

Frå rundt 2 500 år sidan blei elfenbein brukt i større grad også i indisk kunst. Elfenbein frå indiske elefantar blei frakta til Kina frå kongedøme i Søraust-Asia, og vestover langs den nordlege Silkevegen frå første hundreåret f.Kr.

Også i den europeiske antikken tok ein i bruk elfenbein, først frå nordafrikanske og syriske elefantar, til desse blei utrydda. Ein laga esker, religiøse bilete og innfelte elfenbein i møblar og som det kvite i augoskulpturar. I mellomalderen brukte ein elfenbein til personlege gjenstandar, brettspel og til utskorne panel på altartavler, bøker og møblar. Under barokken blei det populært i musikkinstrument, og blei også seinare brukt til kvite tangentarpiano. Fram til ein oppdaga plast var elfenbein mykje nytta til handtak på dører, våpen, bestikk og liknande, og diverse gjenstandar som knappar og biljardkuler.

Utvinning og handel[endre | endre wikiteksten]

Ubehandla elfenbein.
Elfenbeinsamling frå Aust-Afrika på 1880-talet.
Elfenbeinfigurar til sals i Hong Kong i 2010.

Elfenbein er svært verdifullt og kan liknast med edelmetall og edelsteinar i pris. Materialet kan hentast frå elefantar og mammutar som allereie er daude, men ofte vil ein drepa dyr for å få tak i støyttennene deira. Ein stadig aukande etterspurnad førte til store tap i elefantbestandar, og handel med elfenbein er i dag i stor grad forbode.

I 1950 ugjorde all handel med elfenbein ca. 204 tonn. I 1960 var talet kome opp i 412 tonn, i 1970 564 tonn, og i 1980 totalt 966 tonn. Hovudårsaka til aukinga var økonomisk vekst i, og større etterspurnad frå, fleire asiatiske land.

Medan råvareprisen var på mellom 3 og 10 amerikanske dollar per pund (450 g) for støyttenner av asiatisk elefant på 1960-talet, hadde reprisen stige til 50 doller pundet i 1975. Elfenbein frå afrikansk elefant er enda meir ettertrakta, og talet på afrikanske dyr gjekk sterkt tilbake. Storleiken på støyttenner viste også at ein drap stadig yngre dyr. I 1979 vog støyttenner i snitt 10,1 kg, medan i 1987 var vekta nede i 4,9 kg.

Frå januar 1986 blei det innført ei kvoteordning på handel med elfenbein, med eit generelt amnesti for ulovlege råvarer like før. CITES skulle overvake ordninga, men berre 16 av 35 afrikanske land blei med. På denne tida utgjorde den ulovlege handelen med elfenbein rundt 75-80 % av den totale omsetjinga. Mange land fann også raskt ut at det var nokså enkelt å unngå CITES kontrollordning. Denne var basert på at elfenbein ikkje lenger skulle omsetjast som råmateriale, men kunne omgåast gjennom noko bearbeiding. Kvoteordninga førte til at prisen på elfenbein i 1987 steig til 125 dollar pundet. I 1989 var prisen oppe i over 159 dollar pundet (354 dollar per kilo).

Forbod mot handel med elfenbein[endre | endre wikiteksten]

På CITES-møtet i Lausanne i oktober 1989 blei det vedteke å setja afrikanske elefantar på CITES-lista over artar det er forbode å driva handel med. På den tida hadde store elefantnasjonar som Kenya og Uganda i løpet av perioden 1973-1987 tapt rundt 85 % av den naturlege elefantbestanden, men argumenterte likevel for ei mjukare ordning. Mot stemmane til Zimbabwe, Sør-Afrika, Botswana, Zambia, Malawi og Hong Kong, verdas største importør av ubehandla elfenbein frå 1979 til 1987, blei det vedteke eit totalforbod mot handel som blei iverksett frå 18. januar 1990. Forbodet blei sidan re-evaluert under CITES-konferansen i Kyoto i 1992.

Både før og etter forbodet har krypskyttarar fortsett å jakta på elfenbein, slik at bestanden av dei berørte dyra er blitt endå mindre. Nokre stader i sørlege Afrika har tala likevel gått opp i ei slik grad at styresmaktene meiner dei er økologiske trugsmål. I 2002 tillet SN nokre få land å eksportera fastsette mengder elfenbein.

Plast har allereie erstatta elfenbein i mange nyttegjenstandar. Ein kan også framstilla elfenbein syntetisk, eller bruka den harde frøkviten frå elfenbeinspalme som elfenbein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Elfenbein