Elgygytgynsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elgygytgynsjøen
innsjø
Elgygytgyn.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Innsjøtype Kratersjø, ogliotrofisk sjø
Utløp Enmyvaam
Nedslagsfelt 293 km²
Lengd 12 km
Breidd 12 km
Areal 110 km²
Koordinatar 67°30′N 172°00′EKoordinatar: 67°30′N 172°00′E

Elgygytgynsjøen
67°30′ N 172°0′ E
Elgygytgyn location.jpg
Wikimedia Commons: Elgygytgyn

Elgygytgynsjøen (russisk Эльгыгытгын) er ein innsjø på Tsjuktsjihalvøya nordaust i Sibir i Russland. Han har ein diameter på om lag 15 km og er 175 meter på det djupaste. Innsjøen ligg i eit nedslagskrater etter ein meteoritt og kraterkanten har ein diameter på 18 km. Krateret vart danna for 3,6 millionar år sidan (pliocen).

Innsjøen er interessant for forskarar fordi han ikkje har vore dekt av isbrear. Dermed har 400 meter med sediment bygd seg opp i botn av innsjøen og lagra informasjon om førhistoriske klimaendringar.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Tilhøva i Elgygytgynsjøen er harde for fiskelivet. Derfor finst det berre tre permanente fiskeartar i innsjøen, tre typar av aure, Salvelinus boganidae, S. elgyticus og Salvethymus svetovidovi (langfinna aure). Dei to siste artane er endemiske for Elgygytgynsjøen. Røye har vorte sett ut i innsjøen i nyare tid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]