Eliška Misáková

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eliška Misáková

Statsborgarskap Tsjekkoslovakia
Fødd 12. oktober 1925
Kojetice
Død

14. august 1948 (22 år)
Uxbridge

Yrke turnar
Eliška Misáková på Commons

Eliška Misáková (fødd 12. oktober 1926 i Kojetice, død 14. august 1948) var ein tsjekkoslovakisk turnar.

Sommar-OL 1948[endre | endre wikiteksten]

Misáková var ein del av den tsjekkoslovakiske OL-troppen i 1948. Ho vart sjuk på turen til London, og vart send til sjukehus i Uxbridge. Der fekk ho påvist poliomyelitt, og døydde same dag som lagtevlinga fann stad.

Věra Růžičková var reserve, og måtte difor delta i staden for Misáková. Saman med Miloslava Misáková, systra til Eliška, og resten av laget vann dei lagtevlinga med 4,95 poeng føre Ungarn. Under medaljeutdelinga var det tsjekkoslovakiske flagget merkt med eit svart sørgjeband.

I eit intervju i 2008 fortalde lagveninnane at Eliška vart sjuk på flyet då dei var på veg til London, men at dei trudde det berre var influensa. Feberen auka, og då ho kom seg til sjukehuset vart det stadfesta at det var poliomyelitt. Ho vart lagd i jarnlunge, mista evna til å prate, vart lam i armane og dagen etter vart ho lam i beina. Like etter tevlinga fekk lagvennane vite at Eliška hadde døydd.

Misáková vart tildelt ein gullmedalje in memoriam av Den internasjonale olympiske komitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]