Hopp til innhald

Eli Erichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eli Erichsen
FødenamnEli Havig Støre
StatsborgarskapNoreg
Fødd23. januar 1894
Mosjøen
Død

9. januar 1988 (93 år)
Oslo

Yrkeskribent

Eli Havig Støre Erichsen (23. januar 18949. januar 1988) var ein norsk barnebokforfattar som var fødd i Mosjøen og seinare busett i Oslo.[1] Ho blei tildelt ein kulturpris for dei to fyrste barnebøkene sine om den blinde jenta Signe.[2]

Foreldra til Eli Støre Erichsen var John Støre (1858–1928[3]) og Ragna Støre ( 1863–1947[3]). Ragna var dotter av stortingsrepresentant, lagtingspresidenten og lensmannen i Vefsn, Christian Møinichen Havig.[4]

Faren til Eli Støre Erichsen, John Støre, utvandra til USA som ung, og fekk seg arbeid som journalist. Etter kvart trefte han Ragna Havig, som opphavleg var frå Mosjøen.[5] Gjennom fleire tiår var John Støre redaktør for den norske avisa Sioux City Tidende.[6] Eli budde i USA til ho var sju år gammal; familien flytta tilbake til Noreg og Mosjøen rundt 1901.[2] John Støre starta Mosjøen Orkesterforening i 1901; sekstenåringen David Monrad Johansen var ein av dei lokale musikarane som var med frå starten.[5] Støre forsøkte også å starte eit mannskor, men det initiativet vekte etter alt å dømme ikkje tilstrekkeleg oppslutning.[5]

Eli Støre Erichsen gifta seg i 1914 med Einar Erichsen, som var yrkesmilitær.[7]

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Eli Støre Erichsen debuterte som forfattar i 1942 med Eventyr og historier for barn, og skreiv i alt elleve bøker. Dei første bøkene hadde preg av folkeleg forteljarkunst frå heimtraktene, med segn- og eventyrstruktur.[1] Trilogien om Signe (Signe 1965, Signes nye verden 1967, Signe og Signora 1970) er meir realistisk lagt; her skildrar ho ei jente frå finnmarkskysten som mister synet, men ikkje trua på livet.[1] Handlinga i trilogien er lagt til rundt 1900. Det fyrste bindet føregår i oppvekstmiljøet med kontrastering mellom rike og fattige, det andre på blindeskulen i Trondheim, og det tredje skildrar utviklinga av kjærleiksforholdet til prestesonen Jørgen.[1] Erichsen legg også stor vekt på å skildre natur og kultur i landsdelen.[1] Det er sannsynleg at Erichsen henta noko av inspirasjonen sin frå systera Mildrid Støre. Ho blei blind som åtteåring og var den fyrste blinde i Noreg som tok embetseksamen i filologi.

Eli Støre Erichsen mottok Kulturdepartementets barnebokpris for Signe og Signora i 1970.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1942: Eventyr og historier for barn[8]
  • 1947: Istrollene[9]
  • 1947: Prinsessen som ville på ski
  • 1948: Ole-Jakobs tur til Finnmark[10]
  • 1950: Ole-Jakob oppdager Island[11]
  • 1957: Eventyret om Sildine[12]
  • 1965: Signe[13]
  • 1967: Signes nye verden[14]
  • 1969: Tim, Tom og Trine og de andre i Huset[2]
  • 1970: Signe og Signora[15]
  • 1976: Oldemors visebok
  1. 1 2 3 4 5 Gudmund Hovdenak (1989). Nordnorsk barne- og ungdomslitteratur: frå Petter Dass til Arvid Hanssen. Tromsø lærerhøgskole. ISBN 8273890023.
  2. 1 2 3 Erichsen, Eli (1969). Tine, Tom og Trine og de andre i Huset. Lunde forlag. «Eli Erichsen er født i Mosjøen, og har tilbrakt de fleste av sine barne- og ungdomsår i Nord-Norge. Hun bodde dessuten 7 år i Amerika, hvor hennes far var redaktør av en norsk avis. [---] "Signe" og "Signes nye verden" fikk hun kulturpris for.» [(Omslagstekst)]
  3. 1 2 Erichsen, Einar Trygve. Hvem er hvem? (Kunnskapsforl.). 1964.
  4. Folketelling 1865, Vefsn. Ragna Havig.
  5. 1 2 3 «Mosjøen Orkester 1901-20». Far etter fedrane : årbok for Vefsn, Grane og Hattfjelldal. 1999. 1999.
  6. «En Nordmand hædret». Nordlands Folkeblad. 24. april 1896. s. 2.
  7. Erichsen, Einar Trygve. Studentene fra 1905 (Grøndahl). 1930.
  8. Erichsen, Eli (1942). Eventyr og historier for barn. Aschehoug.
  9. Erichsen, Eli (1947). Istrollene. Cappelen.
  10. Erichsen, Eli (1948). Ole-Jakobs tur til Finnmark. Gyldendal.
  11. Erichsen, Eli (1950). Ole-Jakob oppdager Island. Gyldendal.
  12. Erichsen, Eli (1956). Eventyret om Sildine. Damm.
  13. Erichsen, Eli (1965). Signe. Aschehoug.
  14. Erichsen, Eli (1967). Signes nye verden. Aschehoug.
  15. Erichsen, Eli (1970). Signe og Signora. Aschehoug.