Eli Rygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eli Rygg
Eli Rygg Stena Saga.jpg
Eli Rygg underheld barn på Stena Saga påska 2009
Fødd 22. september 1955 (64 år)
Flag of Norway.svg Norge Veblungsnes i Rauma kommune
Yrke Barnepleiar, forfattar, songar og programleiar

Eli Rygg (fødd 22. september 1955 på Veblungsnes i Rauma kommune) er ein norsk barnepleiar, forfattar, songar og underhaldar. Ho vart landskjend som programleiar i barne-TV-programmet Portveien 2, saman med Jarl Goli og (seinare) Terje Strømdahl. Programma vart sende på NRK1980-talet. Sidan har ho arbeidd mellom anna med frokost-TV og barneradio, vore omreisande eventyrfortellar og medverka på ei rekke barneplater.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Eli Rygg er fødd og voks opp på Veblungsnes, ikkje langt frå Åndalsnes, i Møre og Romsdal. Som 12-åring flytta ho med familien til Levanger. Ho gjekk på folkehøgskole i Skogn og på Inderøy. Ho vart tenåringsmor til ei dotter i 1973, og studerte barnepleie på Skatval og arbeidde deretter på Stjørdal. Ho bur i dag på Son og har tre barn, to jenter og ein gut. Hennar bakgrunn har ført til at ho er særleg opptatt av barnevern og at ho har skrive barnebøker.

Eli Rygg debuterte som barnebokforfattar i 1998.

Radio og TV[endre | endre wikiteksten]

I 1985 flytta ho til Oslo for å vere med på Portveien 2Barne-TVNRK.[1] Ho har seinare vore med i Teodors julekalender og Frokost-TVNRK1,[2] Barn ingen hindringNRK2 og radioprogrammet RevehietP4 Radio Hele Norge.[3]

I 1987 var ho kåra til Årets TV-Navn av Se og Hør.[4]

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

Ho har skrive fleire barnebøker[5] og har lese opp eventyr med stønad frå Rikskonsertane.[2] Ho har skrive barnebøkene Hvor gammel blir en bølge? frå 2001, som handlar om sorg og om å døy ung, og Jeg sa ikke kom inn frå 2005 som er ei bok om seksuelle overgrep mot barn. Ho har dessutan vore spaltist i A-pressen si barneside «Barnekroken» i fleire år. Spalta har blitt trykt i 27 aviser.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nergård, Halldis (4 February 2006). «Langt fra Portveien». Adresseavisen (på Norwegian). 
  2. 2,0 2,1 «50 år 22. september: Eli Rygg» (på Norwegian). Norwegian News Agency. 30 August 2005. 
  3. «Eli hønemor» (på Norwegian). Norwegian News Agency. 16 September 1999. 
  4. «Frøya med Årets TV-navn for femte gang». Hitra-Frøya (på Norwegian). 22 December 2009. s. 13. 
  5. List of publications in BIBSYS

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]