Elias Chr. Fanneløb
Elias Christoffer Fanneløb (23. august 1888–2. april 1977) var ein norsk lærar frå garden Fanneløp i Vatne på Sunnmøre. Han var ordførar 1935-41 i dåverande Hjørundfjord kommune.
Fanneløb tok eksamen ved Volda Lærarskule i 1912. Året etter reiste han til Nordland, og arbeidde i to år ved Skotnes skule i Buksnes. Her vart han kjend med Marie Haug, den komande kona hans. Dei fekk 4 born. 1915-18 underviste han ved Kjelvik skule på Magerøya i Finnmark. Han fekk så lærarjobb i Hjørundfjord, busette seg på Aklestad/Holen.
Fanneløb kom med i bygdestyringa av Hjørundfjord, fyrst som formann 1929-34 i skulestyret, der etter var han frå 1935 ordførar i kommunen. I februar 1941 vart han avsett frå ombodet, i samband med at Nasjonal Samling innførte førarprinsippet i den kommunale styringa. Nær samstundes slutta han som lærar, dei resterande krigsåra livnærte han seg som snikkar og gardsarbeidar. Etter 1945 var han nokre år møbelsnikkar i Ålesund. 1948-50 var han lærar på internatskulen på øya Skogsholm i Vega i Nordland. Frå 1950 til-58 underviste han ved Brusdal skule i Skodje. Pensjoniståra budde han og kona i Ålesund.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 67ff. 2024.
- Folketeljing 1920