Elie Wiesel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elie Wiesel

Fødenamn Eliezer Wipyler
Statsborgarskap USA, Kongedømet Romania, Kongedømmet Ungarn
Fødd 30. september 1928 (95 år)
Sighetu Marmației
Død

2. juli 2016
Manhattan

Yrke Forfattar, filosof og politisk aktivist
Språk jiddisch
Medlem av American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences
Religion Jødedommen
Far Shlomo Wiesel
Mor Sarah Feig
Ektefelle Marion Erster Rose (1969-)
Born Elisha Wiesel
Elie Wiesel på Commons

Nobelprisen

Nobels fredspris
1986

Eliezer «Elie» Wiesel (30. september 19282. juli 2016) var ein rumensk-født, fransk-oppvaksen jødisk forfattar, filosof og politisk aktivist som fekk amerikansk statsborgarskap i 1963. Familien hans kom opphavleg frå Ungarn.

I 1986 vart Wiesel tildelt Nobels fredspris for kampen sin mot dei kreftane han fekk føle på nært hald i Auschwitz og andre konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen.

I februar 2003 gjekk han ut og støtta USA sin invasjon av Irak.[1]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Elie Wiesel har framstått som ein stor andeleg leiar og rettleiar i ei tid prega av vald, undertrykking og rasisme. Bodskapen hans er å tilgje, men ikkje å gløyme. Det er ikkje hatet som er den vondaste fienden til kjærleiken, seier han, det er likesæla. Kampen mot likesæla til hat er like viktig som kampen mot sjølve hatet. Elie Wiesel er av mange tilhengarar rekna som ein bodberar om fred og forsoning og menneskeverd.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Eliezer Wiesel vart fødd 30. september 1928 i den vesle rumenske grensebyen Sighet som den gongen høyrde til Ungarn. Faren Shlomo Elisha, var kjøpmann, og fordjupa seg i historie og psykologi. Mora Sara var utprega intellektuell. 16. mai 1944 deporterte ungarske styresmakter det jødiske samfunnet i Sighet til Auschwitz. Wiesel og familien hans vart sende dit og Wiesel fekk fangenummer A-7713. Han opplevde at mora hans og den yngre systera, Tzipora, vart ført inn i gasskammeret saman.

Wiesel og faren hans vart sende til Buna-Werke, òg kjent som Auschwitz III Monowitz. Dei arbeidde der saman under brutale tilhøve og vart saman sende frå leir til leir den siste tida av krigen. 29. januar 1945, berre få veker etter at dei hadde vorte sende til leiren Buchenwald og få månader før den 3. armeen til USA frigjorde leiren, døydde faren av dysenteri, svolt og utmatting. Dei siste orda hans var «Eliezer», Wiesels namn.

Wiesel overlevde opphaldet i konsentrasjonsleirane. Etter krigen drog han til Paris. Eit audmjukt studiestipend han fekk av OSE rakk såvidt til leia av eit trongt rom i Ru Marois 16. distrikt. Han var då 17 år gammal og var heilt åleine, utan korkje vener eller arbeidsløyve. På denne tida var Wiesel prega av ei sterk skuldkjensle; skuld over å vere overlevande. Han kasta seg inn i litteraturen, og hans første store litterære stemnemøte var med Franz Kafka sine bøker.

Han vart òg tiltrekt av filosofi, og ynskte å finne meininga med dei hendingane han var blitt offer for. Den litterære appetitten vart større, og han freista å finne svara innanfor både litteratur, filosofi og psykologi. Han fekk etterkvart arbeid som journalist, noko som sende Wiesel til eit nytt stadium i livet.

I 1954 oppsøkte han den katolske forfattaren og nobelprisvinnaren Francois Mauriac for å intervjue han. Dette intervjuet tok ei uventa vending. Wiesel avbraut forfattaren sin varme tale om Kristi offer med spurnader om ein ikkje heller burde vere oppteken av dei offera som vart gjort like i nærleiken, ikkje av éin jøde, men av fleire millionar. Då det gjekk opp for Francois Mauriac at den unge journalisten var eit av dei overlevande borna, omfamna han Elie Wiesel og spurde kvifor han ikkje hadde fortalt historia si. Wiesel svarte at han ikkje kunne, fordi han lova seg sjølv å vere taus om redslane - ei faste med språket i ti år.

Francois Mauriac ville ikkje akseptere tagnaden til Elie Wiesel, då han meinte at han hadde ei plikt til å fortelje historia si.[2]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Wiesel blir kraftig kritisert av Norman Finkelstein i boka hans Holocaustindustrien. I boka blir skuldgjeve Wiesel for å vere ein av «unikhetsdoktrinens» ypparsteprestar ved at han held Holocaust som toppen av vondskap og difor historisk ikkje mogeleg å samanlikne med andre folkemord, særleg det tyrkiske holocaust mot armenarane[3]. Han blir i tillegg skulda for å bagatellisere folkemorda til nazistane av romfolket og det nemnde av armenarane under og etter 1. verdskrigen. I boka blir dette eksemplifisert ved lobbyverksemda til Wiesel for berre å minnast jødane, ikkje sigøynarane, ved United States Holocaust Memorial Museum i Washington[4] og avlysinga han og seinare arbeid for boikott og nedlegging av ein konferanse om folkemord fordi han skulle inkludere det armenske folkemordet som tema[5]. Finkelstein siterer òg Wiesel på at «alt med oss er forskjellig. Jødar er 'ontologisk' eksepsjonelle»[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fredsprisvinner Wiesel støtter innmarsj i Irak». Aftenposten. 28. februar 2003. Henta 7. august 2011. 
  2. Arild Haaland "Samtidssyner fra Blåsenborg" (1997), ISBN 82-994431-0-5.
  3. Finkelstein, N.(2003) The Holocaust Industry, 2nd edition, p.44-45.
  4. Finkelstein, N.(2003) The Holocaust Industry, 2nd edition, p.75-76.
  5. Finkelstein, N.(2003) The Holocaust Industry, 2nd edition, p.69.
  6. Finkelstein, N.(2003) The Holocaust Industry, 2nd edition, p.49.