Eliel Lagercrantz
Eliel Lagercrantz | |
Fødd | 26. desember 1894 |
---|---|
Død | 11. juli 1973 |
Nasjonalitet | Finland |
Område | språkvitskap |
Yrke | lingvist, universitetslærar |
Institusjonar | Helsingfors universitet |
Eliel Lagercrantz (26. desember 1894–11. juli 1973) var ein finsk fennougrist. Han skreiv magisteravhandlinga si i 1919, og doktorerte i Helsingfors i 1927. I studietida studerte han både i Hamburg, Budapest og Paris. Lagercrantz vart professor i Helsingfors i 1965. Han arbeidde også ved Universitetet i Oslo.
Forskingsområde[endre | endre wikiteksten]
Lagercrantz arbeidde framfor alt med samiske språk. Han skreiv grammatikkar for tre til då lite utforska samiske språkformer: nordsamiske sjøsamedialektar, arjeplogsamisk/pitesamisk og vefsnsamisk (sørsamisk). I tillegg skreiv han ei tobands ordbok med nesten 9000 ord, der kvar ordartikkel i detalj gjekk gjennom ordformene i kvar einskild samisk dialekt, frå Røros til Kolahalvøya.
Lagercrantz gav også ut tekstsamlingar over fleire samiske dialektar.
Bibliografi (utdrag)[endre | endre wikiteksten]
- 1923: Lagercrantz, Eliel (1923). Sprachlehre des Südlappischen. Kristiania etnografiske museum.
- 1926: Lagercrantz, Eliel (1926). Wörterbuch des südlappischen : nach der Mundart von Wefsen. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Oslo: Aschehoug.
- 1926: Lagercrantz, Eliel (1926). Sprachlehre des Westlappischen nach der Mundart von Arjeplog. Mémoires de la Société Finno-ougrienne LV. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura.
- 1929: Sprachlehre des Nordlappischen : nach den seelappischen. Bulletin / Oslo etnografiske museum ; 3. Oslo
- 1939: Lappischer Wortschatz von Eliel Lagercrantz. Lexica Societatis Fenno-Ugricae ; 6. Helsinki, 1939. 2 bind.
- 1950: Entwicklungspsychologische Analyse lappischer Folklore . FF Communications ; 138. Helsinki : Suomalainen tiedeakatemia, 1950.
- 1950: Laulava lappi : tunturinkävijän ja tutkijan elämyksiä ja mietteitä. Porvoo : Söderström, 1950.
- 1957: West- und sydlappische Texte 1. Mémoires de la Société finno-ougrienne ; 112
- 1958: Lyngenlappische, nordwestlappische und westfjordlappische Texte 2 Mémoires de la Société finno-orgrienne ; 115
- 1959: Seelappische Texte des Varangergebiets 3. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 117.
- 1960: Seelappische Gesangsmotive des Varangergebiets mit Noten. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 120
- 1961: See- und Skolte-lappische Texte des südlichen Varangergebiets 5 .Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 124
- 1963: Texte aus den see-, nord-, west-, und südlappischen Dialekten 6. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 126
- 1966: Sonagraphische Untersuchung lyrischer lappischer Volkslieder Enontekiö mit Noten und Erklärungen. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; 141