Elijah Wood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eiljah Wood i februar 2006.

Elijah Jordan Wood (fødd 28. januar 1981 i Cedar Rapids, Iowa) er ein USA-amerikansk skodespelar som vart verdskjend i rolla som Frodo Lommelun i Peter Jackson si filmatisering av Ringdrotten av J.R.R. Tolkien.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som barn spelte Elijah Wood i reklamefilmar og var modell. I 1988 flytta familien hans til Los Angeles i 1988 med tanke på ein skodespelarkarriere for Elijah. Der fekk han m.a. spela i ein musikkvideo av Paula Abdul før han fekk spela i ein fjernsynsfilm. Den fyrste kinofilmen han fekk spela ei lita rolle i, var Tilbake til fremtiden II (1989) med Michael J. Fox og Christopher Lloyd.

I 1992 kom filmen Forever Young der Wood spela med Mel Gibson og Jamie Lee Curtis, og han hadde også ei hovudrolle i Radio Flyer som kom ut same året. Året etter kom The Adventures of Huckleberry Finn der Wood spela tittelrolla. Same året kom filmen The Good Son, der Wood spela mot Macaulay Culkin. Wood hadde også hovudroller i fleire storfilmar i løpet av 1990-åra, m.a. The War (1994), North (1993) og Deep Impact (1998).

Ringenes herre: Ringens brorskap kom ut i 2001. Her hadde Wood rolla som den vesle hobbiten Frodo Lommelun som villeg tek på seg å bera den mektige Ringen den lange vegen til landet Mordor i aust. Elijah Wood spela inn replikkane til karakteren med britisk aksent. I oppfølgjarane To tårn (2002) og Atter en konge (2003) portretterte han Frodo som ein stadig meir lidande karakter under vekta av Ringen. I dei tre filmane spela Wood mykje saman med Sean Astin, Andy Serkis, Ian McKellen og Viggo Mortensen med fleire. Wood har også spela inn stemma til Frodo i videospela som vart laga etter filmane.

Etter Ringdrotten-filmane har Wood spela m.a. i Evig solskinn i et plettfritt sinn (2004), Green Street Hooligans (2005), Everything Is Illuminated (2005), Sin City (2005) og ei mindre rolle som Frodo i Hobbiten: En uventet reise (2012). Elijah Wood har også jobba mykje som stemmeskodespelar, t.d. i Happy Feet (2006) og Happy Feet 2 (2011), Filmen 9 (2009) og Vinden stiger (2013).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]