Elin Anna Labba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elin Anna Labba

Statsborgarskap Sverige
Fødd 30. november 1980 (43 år)
Kiruna kommun
Yrke forfattar, journalist, sjefredaktør
Elin Anna Labba på Commons

Elin Anna Labba (nordsamisk Joná Gusttu Elin Ánná; fødd 30. november 1980 i Kiruna) er ein samisk forfattar og journalist frå Sverige. Ho har vunne fleire prisar for si fyrste bok Herrene sendte oss hit: om tvangsflyttingen av samene, som beskriv korleis samar blei tvinga til å flytte frå Noreg til Sverige i 1919–1920.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Elin Anna Labba vart fødd den 30. november 1980 i Kiruna, der ho også voks opp.[1] Ho flytte til Göteborg og tok utdanning i journalistikk ved Institutt for journalistikk, medium og kommunikasjon ved Göteborgs Universitet.[2] Under studiane arbeidde Labba som journalist for P4 Norrbotten, SR Sápmi ved Sveriges Radio og tidsskriftet Samefolket.[1] Ho vart uteksaminert frå Göteborgs Universitet i 2008.[2]

Etter uteksamineringa har Labba arbeidd som sjefredaktør i Nuorat og som kommunikasjonssjef i Laponiatjuottjudus.[3] I dag arbeider ho som prosjektleiar ved forfattarsenteret Tjállegoahte i Jokkmokk.

I 2020 debuterte ho som forfattar med boka Herrarna satte oss hit: om tvångsförflyttningarna i Sverige, utgjeven på bokmål i 2021 som Herrene sendte oss hit: om tvangsflyttingen av samene.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2020 vart Labba tildelt Augustprisen for boka si Herrarna satte oss hit: om tvångsförflyttningarna i Sverige. I 2021 vann ho Norrlands litteraturpris for same bok.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Herrarna satte oss hit: om tvångsförflyttningarna i Sverige, Norstedts 2020, ISBN 9789113101682 (svensk)
    • Hearrát dat bidje min: bággojohtimiid birra, Norstedts, 2020, ISBN 9789113102436 (omsetjing frå svensk til nordsamisk: Lea Simma)
    • Herrene sendte oss hit: om tvangsflyttingen av samene, Pax, 2021, ISBN 9788253042480 (omsetjing frå svensk til bokmål: Trude Marstein)

I antologiar[endre | endre wikiteksten]

  • Du blir vad du säger: om hatspråk, yttrandefrihet och vikten av ett demokratiskt samtal, red. Henrik Sjöberg, Ingrid Carlberg, Jesper Bengtsson, Norstedts 2021, ISBN 9789113117881 (svensk)
  • Inifrån Sápmi: vittnesmål från stulet land, red. Patricia Fjellgren og Malin Nord, Verbal 2021, ISBN 9789189155497 (svensk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Elin Anna Labba Arkivert 2021-10-19 ved Wayback Machine.. Biblioteken i Norrbotten. besøkt 7. november 2021
  2. 2,0 2,1 Möt JMG:s studenter i journalistik. Institutt for journalistikk, medium og kommunikasjon. besøkt 7. november 2021
  3. Dags att öppna porten till världsarvet!. Gällivare kommun. 26. september 2014. besøkt 7. november 2021