Hopp til innhald

Eline Medbøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eline Medbøe Thoresen (fødd 22. september 1974) er ein norsk tekstilkunstnar kjend under namnet Eline Medbøe.

Medbøe vart fødd i Oslo som dotter av skodespelaren Katja Medbøe og arkitekten Tom Thoresen. Ho er syster av skodespelaren Andreas Medbøe Thoresen og arkitekten Vibeke Thoresen Dahle.

Ho var elev ved Fagerborg og Hartvig Nissen vidaregåande skular og Asker kunstskole før ho studerte tekstil ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Ho gjekk ut frå denne skulen i 2003.

Som kunstnar har Eline Medbøe delteke på fleire gruppeustillingar, til dømes Østlandsutstillingen, Vårutstillingen, Textile Expressions in Contemporary Art og utstillingar ved Haugar Kunstmuseum, Ramsmoen museum og Hå gamle prestegard. Ho hadde si første separatutstilling på Østfold Kunstnersenter i Fredrikstad i 2006. I 2005 grunnla ho Galleri Briskeby saman med Line Harr Skagestad i 2005.

I 1996 tok mor til Medbøe livet av seg. Dei vanskelege kjenslene rundt dette førte til at Medbøe engasjerte seg i arbeid med andre etterlatne etter sjølvmord. I 2007 starta ho eit minneteppeprosjekt saman med organisasjonen LEVE.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]