Elisa Silva
| Elisa Silva | |||
| | |||
| Fødd | 7. mai 1999 (27 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Madeira | ||
| Opphav | Portugal | ||
| Aktiv | 2019– | ||
| Sjanger | pop | ||
| Verka som | songar | ||
Elisa Silva (fødd 7. mai 1999) er ein portugisisk songar frå øya Madeira. I 2020 vann ho den portugisiske songtevlinga Festival da Canção med songen «Medo de Sentir». Etter sigeren skulle Silva ha representert Portugal i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Silva vart fødd på Madeira og dreiv med musikk allereie som barn. Ho deltok i fleire lokale musikkfestivalar, og vart inspirert av musikk frå 1960-, 1970- og 1980-åra – og då artistar som The Beatles, Queen, Eagles og ABBA.[3]
Som 17-åring byrja Silva å studere jazz ved Conservatório da Madeira. Seinare studerte ho musikk i hovudstaden Lisboa og signerte platekontrakt med Warner.[3]
I 2020 var Silva ein av deltakarane i den portugisiske songtevlinga Festival da Canção i regi av kringkastaren RTP. Silva vann finalen laurdag 7. mars 2020 med låten «Medo de sentir», og skulle dimed ha representert Portugal i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[4] Ho skulle ha delteke i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020 i Rotterdam Ahoy. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Elisa wins Festival da Canção and ticket to Eurovision». 8. mars 2020. Henta 8. mars 2020.
{{cite web}}: Cite has empty unknown parameters:|forfatterlenke4=,|forfatterlenke7=,|forfatterlenke29=,|forfatterlenke30=,|forfatterlenke18=,|medforfattere=,|forfatterlenke23=,|redaktørlenke1=,|forfatterseparator=,|forfatterlenke21=,|sammendrag=,|forfatterlenke14=,|redaktørlenke2=,|forfatterlenke10=,|forfatterlenke8=,|forfatterlenke12=,|redaktørlenke4=,|forfatterlenke3=,|forfatternavn-separator=,|separator=,|sammendragkilde=,|forfatterlenke26=,|forfatterlenke15=,|forfatterlenke17=,|visforfattere=,|forfatterlenke11=,|forfatterlenke5=,|forfatterlenke20=,|forfatterlenke16=,|forfatterlenke2=,|redaktørlenke5=,|kommentar=,|registrering=,|forfatterlenke6=,|forfatterlenke22=,|abonnement=,|doi_inaktivdato=,|redaktørlenke3=,|periodisk=,|forfatterlenke25=,|serie=,|sammendragdato=,|forfatterlenke24=,|forfatterlenke28=,|overs_kapittel=,|visredaktører=,|forfatterlenke19=,|forfatterlenke13=,|embargo=,|forfattermerke=,|sisteforfatteramp=,|forfatterlenke9=,|forfatterlenke1=og|forfatterlenke27=(hjelp) - ↑ Granger, Anthony (2020-03-20). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk (Storbritannia)). Henta 2020-03-20.
- 1 2 «Portugal: Elisa wins Festival da Canção 2020 with "Medo de sentir"» (på engelsk (USA)). 2020-03-08. Henta 2020-03-08.
- ↑ «Elisa is Portugal's choice for Rotterdam». eurovision.tv. 2020-03-07. Henta 2020-03-08.
- ↑ Svendsen, Maiken (2020-03-18). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 2020-03-20.
- Denne artikkelen bygger på «Elisa Silva» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2021.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1999
- CS1 errors: empty unknown parameters
- CS1-kjelder på engelsk (Storbritannia) (en-gb)
- CS1-kjelder på engelsk (USA) (en-us)
- CS1-kjelder på norsk bokmål (nb)
- Portugisiske songarar
- Folk frå Madeira
- Portugisiske Eurovision Song Contest-deltakarar
- Eurovision Song Contest 2020-deltakarar
- Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar