Elisabet Charlotte av Pfalz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elizabeth Charlotte

Hertuginne av Orléans
Fødd27. mai 1652
FødestadHeidelberg
Død8. desember 1722 (70 år)
DødsstadSaint-Cloud
GravstadSt. Denis-basilikaen i Frankrike
Gift medFilip I av Orléans
DynastiHuset Wittelsbach
FarKarl I Ludvig av Pfalz
MorCharlotte av Hessen-Kassel
BornÉlisabeth-Charlotte d'Orléans, Filip II av Orléans, Alexandre-Louis d'Orléans

Prinsesse Elisabet Charlotte av Pfalz (27. mai 16528. desember 1722) var ei tysk prinsesse og kona til hertugen Filip I av Orléans, den yngre broren til Ludvig XIV av Frankrike. Dei mange breva hennar gjev ei detaljert skildring av personlegdomane og aktivitetane til hoffet i svogeren Ludvig XIV. Ho og mannen hennar, hertugen av Orléans, grunnla det moderne Huset Orléans - den einaste overlevande sonen deira, Filip II av Orléans, vart regent av Frankrike medan Ludvig XV av Frankrike enno var for ung. Ho var òg stammor for keisar Frans I og kong Ludvig Filip og dermed mange av kongehusa i Europa som det spanske, italienske, bulgarske, austerrikske, toskanske og napolitanske kongefamiliane er etterkomarar etter henne.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Elisabeth Charlotte, hertuginne av Orléans, i jaktklede. Måleri frå 1673 av Louis Ferdinand Elle den eldre.
Elisabeth Charlotte med ein maurisk pasje. Måleri av François de Troy frå 1680.

Elisabet Charlotte blei fødd i Heidelberg slott i Heidelberg i Baden-Württemberg. Ho blei kalla Lieselotte som barn. Foreldra hennar, Karl I Ludvig av Pfalz og Charlotte av Hessen-Kassel, hadde eit særskild ulukkeleg arrangert ekteskap. Karl Ludvig tok kona si hoffdame Marie Luise von Degenfeld som elskarinne i 1653, og gifta seg med henne i eit morganatisk ekteskap i 1658, utan å formelt ha fått oppløyst ekteskapet med Charlotte. Etter ei vanskeleg tid deralle tre budde i same slott fekk han Charlotte send tilbake til Hessen.

Fem år gammal blei Elisabet Charlotte send for å bu hjå faster si, Sophia av Hannover. Ho omtalte seinare denne tida som den lukkelegaste i livet sitt. I 1663 vende ho tilbake til farsheimen der ho budde i lag med stemor si, femten halvsysken, og broren Karl, den framtidige Karl II av Pfalz.

Giftarmål[endre | endre wikiteksten]

Elisabet Charlotte skal ha ønska å gifta seg med syskenbarnet Vilhelm av Oranien, den seinare kong Vilhelm III av England. I staden valde familien å arrangera eit ekteskap med Filip I av Orléans, som var bror til den franske kongen og nyleg var blitt enkjemann.[1] Tanta hennar Anna Gonzaga, ein nær venn av Filip og den avdøde kona hans Henrietta av England, hadde ein viktig del i forhandlingane. 16. november 1671 blei Elizabeth Charlotte gift gjennom stadfortredar med den 12 år eldre Filip i Metz. Etter at ho hadde forlate faren sitt landområde, men før ho kom fram til det franske hoffet, konverterte ho formelt til ektemaken sin katolisisme.

Som kongsson var Filip rekna som ein av Fils de France med ærestittelen Monsieur. Kona hans blei titulert som Madame. Paret fekk tre barn - Alexandre Louis d'Orléans (1673–1676), Philippe d'Orléans som seinare verka som fransk regent, og Élisabeth Charlotte d'Orléans, som blei hertuginne av Lorraine.

Det var likevel godt kjend i hoffet at Filip hadde mange homoseksuelle tilhøve. Elisabeth Charlotte blei særleg opprørt over at favorittane hans fekk store gåver og innverknad på mannen.[2] Etter at yngstedottera var fødd, blei paret samde om å avslutta kjønnsleg omgang med kvarandre. Filip kunne via seg elskarane sine, og Elisabeth Charlotte skrivinga.[1] Breva hennar til tanta, Sophia av Hanover, halvsystrene sine og andre, skildrar livet under kong Ludvig XIV og etterpå, då sonen hennar Philippe var regent.

Elisabeth Charlotte hadde eit nært forhold til dei to stedøtrene sine, Marie Louise og Anne Marie. Då Marie Louise forlét Frankrike for å gifta seg med Karl II av Spania i 1679, følgde stemora henne til Orléans.

Sonen hennar Philippe blei etterkvart gift med Françoise Marie de Bourbon, dottera til kongen og den offisielle elskarinna hans, Madame de Montespan. Elisabeth Charlotte reagerte sterkt på ekteskapet, som kongen hadde insistert på. Ho mislikte dei offisielle elskarinnene og barna deira, og var kritisk til den opne haldninga til utruskap ved det franske hoffet.[1]

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Elisabeth Charlotte med enkjeslør, måla av Hyacinthe Rigaud.

9. juni 1701 døydde Filip I av slag, kort tid etter ein heftig krangel med kongen om sonen sin oppførsel. Elisabeth Charlotte frykta ho kom til å bli send i kloster, slik ekteskapskontrakten hennar sa. I staden fekk ho halda på rangen sin og bli verande ved hoffet, og behalda romma sine i alle dei kongelege husvera. I arv frå ektemannen fekk ho ein årleg sum på 40 000 livres. Ludvig XIV gav henne 250 000 livres, og sonen lova henne endå 200 000.[3]

Elisabeth Charlotte døydde 70 år gammal på Château de Saint-Cloud i Paris i Frankrike.

Ho er blitt skildra som kraftig og mannsleg. Ho kunne driva med jakt heile dagen, og brukte ikkje ei slik maske som franske kvinner vanlegvis for å verna huda mot sola når dei såg på mennene som jakta. I staden fekk ho ein vêrbiten utsjånad. Ho gjekk for raskt for dei fleste hoffolka, slik at visstnok berre kongen kunne halda følge. Ho hadde god appetitt, og la på seg mykje i seinare år. Ho sa ein gong om seg sjølv at ho ville vore like god å eta som ein steikt grisunge.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Fraser, Dame Antonia, Love and Louis XIV, Anchor Books, 2006
  2. Crompton, Louis, Homosexuality and Civilization Belknap, Cambridge, Massachusetts, 2003, s. 348.
  3. Barker, Nancy Nichols. Brother to the Sun King: Philippe, Duke of Orleans, Johns Hopkins University Press, 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Elisabet Charlotte av Pfalz