Elisabet
Elisabet, Elisabeth og Elizabeth er bibelske kvinnenamn som er utbreidd i heile den kristne verda. Namnet finst i fleire variantar, tilpassa dei fleste språka i Europa. «Elisabet» er ein gresk variant av det hebraiske Elisjeba (אלישבע), som tyder 'Gud (Elohim) er fullkomen'.
Elisabet(h) vart svært populært i Noreg i andre halvdel av det tjuande hundreåret. Det nådde ein topp som babynamn rundt 1980, men har sidan mista popularitet. Elisabeth har namnedag 19. november i alle dei skandinaviske landa.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Elisabeth er mest kjend som mora til Johannes døyparen. Som Isak var han eit mirakelbarn mora fekk på sine eldre dagar etter å ha gjeve opp håpet om barn. I det gamle testamentet finn me òg ei Elisabeth, ho var kona til Aron. Bibelen fortel at den yngre Elisabeth var av Aron si slekt. Innan seinare kristendom blei også den heilage Elisabeth av Thüringen ein viktig helgen.
Namnet blei etter kvart mykje brukt av kongelege, noko som gjorde mykje til at det blei spreidd. Den heilage Elisabeth som levde på ellevehundretalet var ei ungarsk kongsdotter som blei fransiskanarnonne og levde resten av livet sitt i from armod. Elizabeth I av England, Isabella II av Spania og Jelizaveta av Russland gjorde nok òg sitt for å få namnet på moten.
Det finst 17.502 kvinner som heiter Elisabeth i Noreg, og 827 som heiter Elizabeth (tal frå Statistisk Sentralbyrå, frå 1. januar 2004). Nokre vanlege norske former av namnet er Elise, Elsa, Lisa, Liss, Lisbet og Betty.
Utanlandske variantar av Elisabeth
[endre | endre wikiteksten]- Engelsk: Alica, Eliza, Elspeth, Libby, Liz, Lizzie, Lillibet, Bess, Betsy, Beth
- Finsk: Lusa
- Fransk: Lisette, Isabeau, Isabelle
- Frisisk: Telsa
- Gresk: Elisavet / Ελισάβετ
- Italiensk: Elisabetta, Bettina
- Polsk: Elzbieta
- Russisk: Jelizaveta
- Spansk: Isabel, Isabella
- Svensk: Elisabet
- Ungarsk: Erzsebet
- Tysk: Elise, Elsa, Ilse, Liese, Liesel,
Andre utbreidde kortformer: Ella, Elli, Lisa, Sisi
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Helgenar
[endre | endre wikiteksten]- Elisabeth av Thüringen (1207-1231) med minnedag 19. november
Kongelege
[endre | endre wikiteksten]- Elisabeth av Kiev (1025-1067), gift med Harald Hardråde
- Elisabeth av Portugal (1271-1336), Isabella av Aragon
- Elizabeth Woodville (1437-1492), dronninggemalinne til Edvard IV
- Elisabeth av Habsburg (1437-1505), dronning av Polen
- Elizabeth av York (1466-1503), mor til Henrik VII
- Dronning Elisabeth I av England (1533-1603)
- Elisabeth Stuart (1596-1662), kurfyrstinne av Pfalz, dronning av Bøhmen
- Elisabeth av Russland (1709-1762)
- Keisarinne Elisabeth av Austerrike (1837-1898)
- Dronningmora Elizabeth Bowes-Lyon (1900-2002)
- Dronning Elisabeth II av Storbritannia (f. 1926)
Andre
[endre | endre wikiteksten]- Elizabeth Barrett Browning (1806-1861), engelsk diktar
- Elizabeth Ryan (1892-1979), USA-amerikansk tennisspelar
- Elisabeth Schweigaard Selmer (1923-2009), norsk justisminister
- Elisabeth Granneman (1930-1992), norsk songar og MGP-deltakar
- Elizabeth Taylor (1932-2011), USA-amerikansk filmskodespelar
- Elizabeth Moon (f. 1945), USA-amerikansk sci-fi-forfattar
- Elisabeth Røbekk Nørve (f. 1951), norsk politikar (H)
- Elisabeth Berge (f. 1954), norsk forretningskvinne
- Elisabeth Andreassen (f. 1958), svensk songar og norsk Eurovision-deltakar
- Elizabeth Norberg-Schulz (f. 1959), norsk-italiensk operasongarinne
- Elisabeth Aspaker (f. 1962), norsk politikar (H)
- Elisabeth Bakke (f. 1962), norsk statsvitar
- Elizabeth Smylie (f. 1963), australsk tennisspelar
- Elisabeth Moberg (f. 1964), norsk songar frå Kvinner på randen.
- Elizabeth Hurley (f. 1965), britisk filmskodespelar
- Elisabeth Görgl (f. 1981), austerriksk alpinist
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Elisabethansk tid, omgrep for den kulturelle tidsperioden då Elisabeth I regjerte i England.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Elisabeth hjå Statistisk Sentralbyrå