Elisabeth Görgl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elisabeth Görgl
Elisabeth Görgl Semmering 2008.jpg
Fødd 20. februar 1981
Bruck an der Mur
Yrke alpinist
Elisabeth Görgl på Commons

Elisabeth Görgl (fødd 20. februar 1981) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Parschlug i Steiermark som vann gullmedaljen i både super-G og utfor under VM i alpine greiner 2011 i Garmisch-Partenkirchen. Alpinisten Traudl Hecher er mor hennar. Også broren Stephan Görgl har hevda seg i verdseliten i alpine greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Görgl markerte seg fyrste gongen i verdscupen den 5. januar 2003, då ho kom på andreplass i eit slalåmrenn i Bormio. Ho deltok i VM i alpine greiner 2003 og 2005, i den sistnemnde meisterskapen vart ho nummer sju i storslalåm og åtte i kombinasjonen, samt under Vinter-OL 2006, utan å vinne meisterskapsmedaljar.

Ei heller ved verdsmeisterskapen 2007 i Åre lukkast ho å melde seg på i medaljestriden. Den 12. januar 2008 i Maribor kunne ho derimot notere ned den fyrste triumfen i verdscupen. 15. mars same året vann ho i Bormio på ny, begge gongar kom sigrane i storslalåm. Gjennom 2008-sesongen enda ho opp som nummer to i både storslalåm- og super-G-cupen. Totalt vart ho nummer fire i verdscupen i alpine greiner 2008, hennar fremste plassering i konkurransen om den store FIS-pokalen.

Sigerspallen etter OL-utforrenet 2010, Görgl til høgre

Under VM i alpine greiner 2009 vann Görgl si fyrste meisterskapsmedalje då ho tok bronsen i superkombinasjonen. Året etter vann ho bronsemedaljar i både storslalåm og utfor under Vinter-OL 2010 i Vancouver.

Ei vekes tid før ho fylte 30 år hausta Görgl sine største triumfar i alpinløypene. Under verdsmeisterskapen 2011 i tyske Garmisch-Partenkirchen vart ho fyrst verdsmeister i super-G og deretter gullvinnar også i utforrennet.

Görgl vann i perioden januar 2008 – desember 2014 sju renn i verdscupen, til saman stod ho på sigerspallen etter 42 renn. Ho la opp i 2017.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar