Elizabeth II av Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elizabeth II
Queen Elizabeth II in March 2015.jpg
Dronning Elizabeth II, 2015
Periode6. februar 19528. september 2022
Fullt namnElizabeth Alexandra Mary Windsor
TitlarDronning av Storbritannia
Dronning av Antigua og Barbuda
Dronning av Australia
Dronning av Bahamas
Dronning av Barbados
Dronning av Belize
Dronning av Canada
Dronning av Grenada
Dronning av Jamaica
Dronning av New Zealand
Dronning av Papua Ny-Guinea
Dronning av Saint Kitts og Nevis
Dronning av Saint Lucia
Dronning av Saint Vincent og Grenadinene
Dronning av Salomonøyene
Dronning av Tuvalu
Fødd21. april 1926 (96 år)
FødestadMayfair i England i Storbritannia
Død8. september 2022
DødsstadBalmoral Castle
MorElizabeth av Storbritannia
FarGeorg VI av Storbritannia
EktefellePhilip av Edinburgh
BarnKong Charles III av Storbritannia, Anne Mountbatten-Windsor, Andrew, hertug av York, Edward, jarl av Wessex
HusWindsor
FarGeorg VI av Storbritannia
MorElizabeth av Storbritannia
MedlemRoyal Society
FøregangarGeorg VI av Storbritannia
EtterfølgjarCharles III av Storbritannia

Elizabeth II (21. april 19268. september 2022) var dronning av Storbritannia og Det britiske samveldet frå den 6. februar 1952 til den 8. september 2022.

Ho blei fødd i Mayfair i London i England som eldste dotter av kong Georg VI (1895–1952) og Elizabeth Bowes-Lyon (1900–2002).

Elizabeth vart regjerande dronning etter at far hennar døydde den 6. februar 1952. Same dagen vart ho utropt til dronning av tronfylgjerådet, men ho var då på statsbesøk i Kenya. Kroninga fann stad eitt år seinare, den 2. juni 1953 i Westminster Abbey.

Elizabeth heldt på tradisjonane i rolla si som dronning. I formelle samanhengar heldt ho strengt på etiketten som til dømes seier at ingen må røra den kongelege personen, noko fleire utanlandske statsoverhovud har blitt kritisert for å gjera av britisk presse. Ho kledde seg konservativt, som regel lett kjenneleg i einsfarga kåper og med store hattar.

Dronninga har halde ein juletale for det britiske samveldet kvart år sidan ho blei dronning, bortsett frå 1969. Ho har aldri gjeve intervju til pressa, og heldt sine private meiningar om politiske saker for seg sjølv. Som dronning har ho opna og sett på mange kulturelle arrangement, men dei private hovudinteressene hennar er fotografi, veddeløpshestar og hundar, særleg rasen Pembroke welsh corgi.

Elizabeth hadde sine siste dagar på Balmoral Castle i Skottland, og døydde fredfullt av alderdom den 8. september 2022.[1] To dagar før ho gjekk bort, utnemnde ho Liz Truss som ny statsminister i Storbritannia.[2]

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Dronning Elizabeth II var i personalunion statsoverhovud for Det sameinte kongedømet av Storbritannia og Nord-Irland og desse samveldestatane:

Antigua og Barbuda, Australia, Bahamas, Barbados, Belize, Cook-øyane, Grenada, Jamaica, Canada, New Zealand, Papua Ny-Guinea, Salomonøyane, Samoa, St. Kitts og Nevis, Saint Lucia, St. Vincent og Grenadinane, Tuvalu

Den fulle tittelen som dronning av dei sameinte kongedøma var slik: Elizabeth the Second, by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland and of Her other Realms and Territories Queen, Head of the Commonwealth, Defender of the Faith. (På norsk: Elisabet[3] den andre, med Guds nåde, dronning av Storbritannia og Nord-Irland og hennar andre område. Overhovud for Samveldet, forsvarar av trua.) Som statsoverhovud for kvart enkelt samveldeland har ho ein eigen tittel.

Nemninga til dronninga som den andre har skapa misnøgd i Skottland. Elisabeth I hadde nemleg ikkje herska over dette landet, og skottane meinte det var feil å plutseleg skulle få ei Elizabeth II. Fleire nye postkassar med dei kongelege bokstavane E.R. II blei sprengde i protest, og i dag har skotske postkassar berre ei krone som symbol.

Sjølv om det same problemet gjaldt for dei tidlegare kongane William IV og Edvard VII, var det ingen som sa noko imot deira ordenstal. Elizabeth-opprøret var truleg eit teikn på aukande skotsk nasjonalisme. Postkassesprengingane var dei mest valdelege aksjonane skotske nasjonalistar har utført i nyare tid.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Elizabeth II var den siste britiske monarken av slekta Sachsen-Coburg-Gotha, som kom til makta då dronning Victoria av fyrstehuset Hannover døydde i 1901. I 1917 vart namnet på den britiske kongefamilien endra til fyrstehuset Windsor (House of Windsor). Ho var gift med prins Philip av Hellas. Han høyrde til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg. Det danske og norske kongehuset høyrer til det same fyrstehuset. Sønene av prins Philip er med i det same fyrstehuset som han.

Syster[endre | endre wikiteksten]

Ektemake[endre | endre wikiteksten]

Born[endre | endre wikiteksten]

Heider[endre | endre wikiteksten]

Elisabeth vart i 1955 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia vart ho stort sett hylla, og kritiske røyster var så godt som fråverande. I nokre av dei tidlegare britiske koloniane derimot var det blanda kjensler, fordi det var mange som såg på ho som eit symbol på kolonisering, apartheid og tortur.[4] Til trass for at ho freista å betra høva til koloniane og var for avskaffinga av apartheid.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Queen's cause of death given as 'old age' on death certificate». BBC News (på engelsk). 29. september 2022. 
  2. «Liz Truss becomes UK prime minister after meeting Queen at Balmoral», the Guardian (på engelsk), 6. september 2022, henta 29. september 2022 
  3. «Historiske navn: A–F», Språkrådet (på norsk), henta 6. oktober 2018 
  4. Queen’s death intensifies criticism of British empire’s violent atrocities, The Guardian, 10. september 2022.
  5. Ellicott, Claire (29. desember 2017), «Queen 'so enraged' by Mrs Thatcher on apartheid», Mail Online, henta 10. september 2022 
  6. «To Mandela, the queen was simply 'Elizabeth'», France 24 (på engelsk), 9. september 2022, henta 10. september 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Elizabeth II av Storbritannia