Hopp til innhald

Elisabeth Jerichau Baumann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elisabeth Jerichau Baumann

StatsborgarskapPolen, Kongeriket Danmark, Det russiske imperiet
Fødd27. november 1818
Warszawa
Død

11. juli 1881 (62 år)
København

Yrkekunstmålar, sjølvbiograf, biograf, skribent
Sjangerportrett, sjangermåleri
FarFilip Adolf Baumann
MorJohanne Frederike Reyer
EktefelleJens Adolf Jerichau
BornThorald Jerichau, Harald Jerichau, Holger H. Jerichau
Elisabeth Jerichau Baumann på Commons

Elisabeth Jerichau Baumann (27. november 181811. juli 1881) var ein polsk-dansk målar.

Elisabeth Baumann var fødd i Zoliborz[1] i Polen som dotter av kartfabrikanten Philip Adolph Baumann (1776–1863) og Johanne Frederikke Reyer (1790–1854).[2]

I perioden 1838–45 var ho i Düsseldorf for å studera kunst. På denne tida var Düsseldorf eit av dei mest innverknadsrike kunstsentera i Europa. Sjølv om kunstakademiet ikkje tillét opptak av kvinner, fekk ho kontakt med andre målarar i byen og fekk dermed opplæring av dei.

Karriere og ekteskap

[endre | endre wikiteksten]
Portrett av ektefellen Jens Adolf Jerichau

I 1844 offentleggjorde ho det fyrste måleriet sitt, eit bilde av ein polsk familie på ruinane av eit nedbrunne hus. Motivet sprang ut frå den sosialkritiske tradisjonen som var utbreidd i Düsseldorf.

Året etter flytta ho 25 år gammal åleine til Roma. Her blei ho ein del av den store tyske kunstnarkolonien der også den danske bilethoggaren Jens Adolf Jerichau var aktiv. Dei to blei trulova andre juledag same år, og gifta seg 19. februar året etter. Ved dette høvet la ho mellomnamnet «Jerichau» til sitt eige namn.

Jerichau Baumann lærte seg snart dansk, men det var fyrst etter at ektefellen var blitt utnemnd til professor og direktør ved det danske kunstakademiet at paret flytta til Danmark i 1849.

I åra 1847–1861 fødde ho ni barn, blant anna dei framtidige målarane Holger H. og Harald Jerichau. Ekteskapet var etter samtidsnormene ukonvensjonelt, og dei levde lange periodar frå kvarandre eller var saman på reiser i utlandet.

H.C. Andersen les eventyret Englen for Jerichau Baumanns dotter Louise som er sjuk, og dessutan nokre andre av hennar barn. 1862
«En såret dansk krigar». 1865
«Egyptisk kvinde». 1878
«Danmark», 1851
Wilhelm Grimm (bak) og broren Jacob – brørne Grimm.

Jerichau Baumann fekk inga god mottaking i dansk kulturliv, som på dette tidspunktet var meir oppteke av ei vidareføring av arven frå den danske gullalderen som uttrykt ved C.W. Eckersberg. Ho lét seg likevel ikkje skremma og prøvde å tilpassa seg og finna motiv som kunne appellera til eit dansk publikum. Det fyrste måleriet hennar i Danmark med den passande tittelen Danmark frå 1851 førestiller ei blond kvinne som skrir gjennom ei mogen kornmark medan ho ber Dannebrog og eit sverd. Dette fekk ein viss omtale, men ho hadde større suksess med portrettmåleri av kjende danskar.

Ho måla mellom anna politikaren Orla Lehmann, Johanne Luise Heiberg, H.C. Andersen og fleire portrett av dronning Louise og døtrene hennar. Men trass i den kongelege velviljen heldt den danske kunstverda fram med å vera måtehalden, og det var ikkje før i 1865 at Statens Museum for Kunst stilte ut eit av måleria hennar, En såret dansk kriger, som blei det einaste av måleria hennar som blei utstilt i Danmark. Ho blei likevel tildelt Eckersbergmedaljen i 1858.I tillegg til portrettmåleri av H.C. Andersen måla ho også fleire havfruemåleri. Det fyrste, frå 1863, gav ho til H.C. Andersen i 1868. Som takk skreiv han eit takkedikt til henne:

Du raader over Farvernes Pragt!
Du Sjæl har i Havfruens Øjne lagt:
Et Blink fra Dig selv, fra Aandens Magt!
Min Tak her i fattige Ord er sagt.

Den manglande gjennomslagskrafta til Jerichau Baumann i Danmark stod i kontrast til den langt større suksessen hennar i utlandet. Ho var spesielt godt likt i Frankrike, der ho var representert på Verdsutstillinga to gonger; i 1867 og igjen i 1878 – begge gonger i Paris. I 1852 stilte ho ut nokre av måleria sine i London, og i samband med dette blei ho invitert til eit privat møte i Buckingham Palace av dronning Victoria. Blant måleria som blei viste fram for dronninga var eit av H.C. Andersen frå 1850.

I tyrkiske harem

[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1869–1870 var ho på lange reiser i områda langs det austlege Middelhavet og i Midtausten, ein reiseaktivitet ho gjentok i 1874–1875, denne gongen saman med sonen sin Harald. Som kvinne fekk ho ein heilt eksepsjonell tilgang til dei tyrkiske haremet, og kunne derfor måla haremscenar ut frå personlege observasjonar, i motsetnad til dei fleste andre samtidige kunstnarar, som berre bygde på fantasien når dei laga komposisjonane sine.

Tyrkiske haremscenar var eit ynda motiv i perioden, men trass i hennar meir realistiske og personlege erfaringar og observasjonar klarte ho ikkje å endra på måten motivet tradisjonelt blei framstilt på, ettersom det europeiske publikummet insisterte på å få dei framstilt iført siste mote frå Paris.

I 1869 fekk Jerichau Baumann tilgang til Mustafa Fazil Paşa sitt harem, godt hjelpt av dei danske kongelege kontaktane sine. Ho hadde med seg eit introduksjonsbrev frå prinsesse Alexandra av Danmark, som på dette tidspunktet var prinsesse av Wales. Prinsessa hadde sjølv vitja Det osmanske riket saman med mannen sin Edvard tidlegare same året, og hadde derfor stor innverknad. Men også Mustafa var progressiv og framsynt innstilt, og ein tilhengjar av vestleg kultur og modernisering som hjelpte Jerichau Baumann med prosjektet hennar.

Verka hennar frå denne perioden er dekorativt og ofte sentimentalt, men med ein fin sans for fargar og lys. Sensualiteten i nokre av måleria blei rekna som tabu i delar av Europa, og den offisielle danske kunstverda prøvde å halda måleria vekk frå allmugen. Fram til nyleg var måleria hennar stua bort i magasina til musea. Dei erotiske elementa i mange av skulpturane til ektefellen har truleg hjelpt henne til å sjå stort på provinsialismen i den danske kunstverda.

Ein familie av kunstnarar

[endre | endre wikiteksten]

Jens og Elisabeth Jerichau Baumann fekk til saman ni barn. To av dei døydde i barndommen. Av dei gjenverande sju blei fleire kompetente målarar, mellom anna Harald Jerichau (1851–1878), som døydde ung av malaria og tyfus kort etter ei reise til Midtausten saman med mora; og Holger (1861–1900), som primært var oppteken av den impresjonistiske stilen. Som bror sin døydde han ung, i ein alder av 41 år.

Også fleire av barnebarna blei talentfulle kunstnarar, t.d. Jens Adolf Jerichau (1891–1916), som blei ein av dei mest talentfulle modernistiske målarane i Danmark.

  • Thorald Harald Adolph Carol Lorentz (1848)
  • Marie (1850)
  • Harald (1851)
  • Caroline Elisabeth Nanny (1853)
  • Louise (1859)
  • Sophie Dagmar Elisabeth (1859)
  • Holger Hvitfeldt (1861)
  1. Albert Ellery Berg, (1884), The Drama, Painting, Poetry, and Song, P.F. Collier, New York. på Google.
  2. 438 (Dansk biografisk Lexikon / VIII. Bind. Holst - Juul)

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Nicolaj Bøgh: Elisabeth Jerichau Baumann, 1886

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Elisabeth Jerichau Baumann