Hopp til innhald

Elisabeth Lønnå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elisabeth Lønnå
Fødd16. mars 1947
Død5. august 2026
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Elisabeth Lønnå (fødd 16. mars 1947) er ein norsk historikar som er spesialist på historia til den norske kvinnerørsla.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Elisabeth Lønnå er dotter av juristen, Ap-politikaren og lokalhistorikaren Finn Lønnå og kvinnesakskvinna Bodil Lønnå, som var aktiv i Norsk Kvinnesaksforening i 1950-åra.

Lønnå tok hovudfag i historie i 1975 og i 2004 blei ho dr. philos., begge delar ved Universitetet i Oslo. Ho har i ei årrekkje arbeidd som lektor, og var frå 1993 til 1995 tilsett som forskar ved Senter for kvinneforsking ved Universitetet i Oslo med eit prosjekt om historia til Norsk Kvinnesaksforening; prosjektet var finansiert av Bente Onsager Lund og resulterte i boka Stolthet og kvinnekamp: Norsk Kvinnesaksforenings historie fra 1913.[1]

Lønnå har vore landsstyremedlem i Norsk Kvinnesaksforening. Ho mottok Gina Krog-prisen i 2009 og blei utnemnd til æresmedlem av Norsk Kvinnesaksforening i 2020.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ Årsmelding 1994. Oslo: Senter for kvinneforskning, UiO. 1995. ISBN 8275860296.