Elise Ringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elise Ringen
Elise Ringen 1.jpg
Fødd 21. november 1989 (33 år)
Meråker
Yrke skiskyttar, langrennsløpar
Elise Ringen på Commons

Elise Ringen (fødd 11. november 1989) er ein norsk tidlegare skiskyttar som fekk VM-bronse i stafett i 2012. Ho er medlem i Meråker skiskytterklubb.

Ringen deltok i skiskyttar-VM 2012 og 2015, samt Vinter-OL 2014. Individuelt var 14. plassen i 7,5 km sprint under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding hennar beste prestasjon. I den same meisterskapen gjekk ho andreetappen på det norske bronselaget i 4 x 6 km stafett, dei hine på laget var Fanny Horn, Synnøve Solemdal og Tora Berger.

Ringens sterkaste prestasjon i eit verdscuprenn var ein tiandeplass i 7,5 km sprint i Hochfilzen vinteren 2012. Sjetteplassen i standardprogrammet på Voss i 2014 var hennar beste individuelle NM-plassering. Ho la opp i 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.