Eliseus Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eliseus Müller

Fødd20. februar 1878
Verdal kommune
Død21. oktober 1966 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
FarMartin Daniel Müller
Alle verv

Eliseus Müller (20. februar 187821. oktober 1966) var ein norsk gardbrukar og politikar for Bondepartiet frå Verdal. Han var ordførar i Verdal 1929-34 og stortingsrepresentant 1932-45 frå Nord-Trøndelag. Peder Rygh var bestefar hans.

Müller tok examen artium ved Trondhjems katedralskole i 1896 og gjekk vinterlandbruksskule i Trondheim 1897–98. I 1902 tok han over farsgarden, storgarden Vist på Stiklestad i Verdal. Han hadde ein framståande posisjon i heradet og var styreformann i Verdal Sparebank frå 1922, ordførar i Verdal herad 1929-34.

Stortingsperioden 1931-33 var Müller fyrste varamann frå Nord-Trøndelag. Då Ivar Kirkeby-Garstad i 1932–33 var statsråd i Hundseid-regjeringa møtte Müller fast på Stortinget. Dei neste to tingbolkane, 1934-36 og 1937-1945, hadde han fast plass på Tinget. I 1932-33 var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, 1934-36 sekretær i Helsekomiteen og 1937-45 medlem i same komiteen. Frå 1945 var han medlem av Noregs Bank sin representantskap.

Müller gav i 1965 ut skriftet Minner omkring familien Rygh på Haug i Verdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]