Hopp til innhald

Eliteserien i handball 1995/96–Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eliteserien i handball 1995/96 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 1. oktober 1995 til 21. april 1996.

Byåsen Idrettslag frå Trondheim vart seriemeister for fjerde gong, fem år etter den førre serietriumfen. Som sist var Trine Haltvik ein dominant spelar i laget, andre som bidrog til sigeren var Natalija Kudrjavtseva, Kari Solem, Ann Cathrin Eriksen, Kate Mogseth, Camilla Solberg og Kari Feiring. Linn Tømmerdal var målvakt.

Poengtabell

[endre | endre wikiteksten]
PlassLagKamparMålskårPoeng
1Byåsen IL22575-45942
2Bækkelaget SK22589-43539
3Larvik HK22626-46838
4IK Junkeren22515-50025
5Tertnes IL22516-50421
6Gjerpen IF22518-51321
7Sjetne IL22449-45719
8Toten HK22484-49618
9Nordstrand IF22486-53615
10Lunner IL22530-60015
11Refstad/Veitvet22475-6347
12Charlottenlund SK22459-6224