Eliud Kipchoge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eliud Kipchoge


Statsborgarskap Kenya
Fødd 5. november 1984 (39 år)
Kapsisiywa
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2008 – 5 000 meter herrer, London Marathon 2018, Samveldeleikane 2010, 2016 London Marathon, VM i friidrett 2017 – 5 000 meter menn, VM i friidrett innendørs 2006, VM i friidrett 2009 – 5 000 meter herrer, INEOS 1:59 Challenge, Breaking2, 2020 London Marathon, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 5 000 meter herrer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Maraton menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Maraton menn

Utmerkingar

Goldener Rathausmann

Eliud Kipchoge (fødd 5. november 1984) er ein kenyansk langdistanseløpar frå Kapsabet som vart verdsmeister på 5 000 meter i 2003 og olympisk meister i maratonløping i 2016. Hans personlege rekordar er 12.46,3 på 5 000 m, oppnådd i 2004, medan 2.03.05 vert rekna som personleg rekord i maraton.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Knapt 19 år gammal vann Kipchoge 5 000 meter under VM 2003 i Paris, etter å ha slått algeriske Hicham El Guerrouj med 0,04 sekund. Året etter revansjerte Guerrouj seg under OL 2004 Aten og sigra framom Kenenisa Bekele med Kipchoge på tredjeplass. Under VM 2005 i Helsinki måtte Kipchoge sjå seg slått i kampen om medaljane og vart nummer fire på 5 000 m. I VM 2007 kom Kipchoge på sølvplass på halvmila etter Bernard Lagat og han tok også sølv under OL i 2008, då etter storfavoritten Kenenisa Bekele.

I april 2013 sprang Kipchoge inn til siger i Hamburg maraton på ny løyperekord 2.05.30. Ganske nøyaktig eitt år etter vann han Rotterdam maraton på tida 2.05.00. Eit halvt år seinare vann han Chicago maraton på 2.04.11 og slo favoritten Kenenisa Bekele. I slutten av april 2015 vann Kipchoge London maraton og seint i september 2015 forbetra han bestetida si til 2.04 då han triumferte i Berlin maraton.

Den 24. april 2016 gjekk Kipchoge til topps i London maraton på ny, vinnartida 2.03.05 var einast åtte sekundar bakom «verdsrekorden» i maraton. Fire månader seinare vann han den olympiske gullmedaljen i maraton under leikane i Rio de Janeiro. I mai 2017 kom Kipchoge i mål på tida 2.00.25 i eit maratonløp på bilbana ved Monza i Italia. Grunna dei spesielle omstenda, med bil og andre løparar som fartshaldarar, har ikkje Det internasjonale friidrettsforbundet godkjend tida som «verdsrekord».

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2003 i Paris: Gullmedalje på 5 000 m – 12.52,79, framom Hicham El Guerrouj (12.52,83)
  • OL 2004 i Aten: Bronsemedalje på 5 000 m – 13.15,1
  • VM 2005 i Helsinki: Nr 4 på 5 000 m – 13.33,0, bakom Craig Mottram (13.32,9)
  • VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.46,0, bakom Bernard Lagat (13.45,8)
  • OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.02,8, bakom Kenenisa Bekele (12.57,8)
  • VM 2009 i Berlin: Nr 5 på 5 000 m – 13.18,9
  • VM 2011 i Daegu: Nr 7 på 5 000 m – 13.27,2
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje i maraton – 2.08.44, framom Feyisa Lilesa (2.09,54)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]