Hopp til innhald

Eliza Acton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eliza Acton

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 17. april 1799
Battle i East Sussex
Død

13. februar 1859 (59 år)
Hampstead, London

Yrke lyrikar, skribent, kokk
Språk engelsk
Eliza Acton på Commons

Eliza Acton (17. april 179913. februar 1859) var ein engelsk matskribent og diktar som skreiv ei av dei fyrste kokebøkene i Storbritannia retta mot vanlege hushald, Modern Cookery for Private Families. Boka innførte den no universelle praksisen med å lista opp ingrediensar og gje tilrådde tillagingstider for kvar oppskrift. Ho inkluderte dei fyrste oppskriftene på engelsk for rosenkål og for spagetti. Ho inneheld òg den fyrste oppskrifta på det Acton kalla Christmas pudding; retten blei vanlegvis kalla plum pudding, som det var gjeve ut oppskrifter på tidlegare, men Acton var den fyrste til å setja saman namnet og oppskrifta i ei kokebok.

Framsida til The English Bread-Book.

Acton var fødd i Sussex i 1799. Ho voks opp i Suffolk, der ho dreiv ein jenteskule før ho var ei tid i Frankrike. Då ho kom tilbake til England i 1826 gav ho ut ei diktsamling poesi. I 1845 gav ho kokeboka si, som var retta mot middelklassen. Boka var skriven i ein engasjerande stil, og blei godt motteken av kritikarar. Ho kom i fleire opplag i løpet av utgjevingsåret, og fleire utgåver følgde fram til 1918, då Longman, utgjevaren av boka, tok avgjerda om å ikkje gje ut fleire. I 1857 gav Acton ut The English Bread-Book for Domestic Use, eit meir akademisk verk enn Modern Cookery. Verket inneheldt historia om brødmaking i England, ein studie av europeiske bakemetodar og mange oppskrifter.

Nokre år etter at Modern Cookery kom ut blei ho overskugga av suksessen til bestseljaren Mrs Beetons Book of Household Management av Isabella Beeton frå 1861, som inneheldt fleire oppskrifter som var plagierte frå verket til Acton. Sjølv om Modern Cookery ikkje blei trykka opp att som fullstendig bok før 1994, blei verket beundra av engelske kokkar i andre delen av 1900-talet, og påverka mange av dei, som Elizabeth David, Jane Grigson, Delia Smith og Rick Stein.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Eliza Acton