Elizabeth Barrett Browning
Elizabeth Barrett Browning | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 6. mars 1806 Coxhoe Hall, Durham |
Død |
29. juni 1861 (55 år) |
Yrke | lyrikar, manusforfattar, essayist, pamflettist, omsetjar, skribent |
Språk | engelsk |
Far | Edward Moulton-Barrett |
Mor | Mary Graham-Clarke |
Ektefelle | Robert Browning |
Born | Robert Barrett Browning |
Elizabeth Barrett Browning på Commons |
Elizabeth Barrett Browning (fødd Moulton-Barrett, 6. mars 1806–29. juni 1861) var ein engelsk diktar i viktoriatida. Ho var mykje omtykt i Storbritannia og i USA i levetida si.
Browning blei fødd i County Durham i Nordaust-England som den eldste av 12. Frå ho var elleve byrja ho å skriva dikt. Mor hennar si samling av dikta hennar er den største attverande samlingane av juvenilia (ungdomsskrifter) av nokon engelsk forfattar. Då ho var 15 blei ho sjuk, med intense smerter i hovudet og ryggsøyla som skulle plaga henne resten av livet. Seinare utvikla ho også lungeproblem, kanskje tuberkulose. Ho tok laudanum mot smerta frå ung alder, noko som truleg bidrog til den dårlege helsa hennar.
På 1840-talet blei Elizabeth introdusert til litteraturlivet gjennom den fjerne slektningen og mesenen sin John Kenyon. Den fyrste diktsamlinga hennar som vaksen blei gjeven ut i 1838. Ho skreiv produktivt mellom 1841 og 1844, både poesi, omsetjing og prosa. Ho engasjerte seg for avskaffing av slaveriet, og arbeidet hennar bidrog til å påverka reformer i lovgjevinga kring barnearbeid. Den rike produksjonen hennar gjorde henne til ein rival til Tennyson som kandidat for å bli poet laureate etter Wordsworth.
Diktsamlinga Poems frå 1844 gav henne stor suksess, og beundringa til forfattaren Robert Browning. Dei brevveksla, gjorde kur og gifta seg i løyndom, av frykt for at faren hennar skulle mislika det. Ganske rett blei ho gjort arvelaus av faren etter bryllaupet. I 1846 flytta paret til Italia, der Elizabeth blei verande livet ut. Dei fekk ein son som var kjend som «Pen» (Robert Wiedeman Barrett Browning, 1849–1912). Pen dreiv med måling til synet byrja svikta han seinare i livet; han bygde også opp ei stor samling av manuskript og minne etter foreldra. Elizabeth døydde i Firenze i 1861.[1] Ektemannen gav ut ei samling av dei siste dikta hennar kort tid etter at ho døydde.
Verket til Elizabeth Barrett Browning hadde stor påverknad på kjende samtidige diktarar, som amerikanske Edgar Allan Poe og Emily Dickinson. Ho er hugsa for dikt som «How Do I Love Thee?» (Sonnet 43, 1845) og Aurora Leigh (1856).
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Familiebakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Delar av familien til Elizabeth Barrett hadde budd på Jamaica sidan 1655. Rikdommen deira stamma hovudsakleg frå slavearbeid på dei karibiske plantasjane deira. Edward Barrett (1734–1798) var eigar av 10 000 acre (40 km2) av eigedommar i Cinnamon Hill, Cornwall, Cambridge og Oxford nord på Jamaica. Morfaren til Elizabeth hadde sukkerplantasjar, verkstader for tilverking av sukkerrøyr, glashus og skip som dreiv handel mellom Jamaica og Newcastle i England.[1]
Familien ville vidareføra namnet sitt, og fastsette at «Barrett» alltid skulle vera eit etternamn. I nokre tilfelle blei arv berre gjeven på vilkår av at ein også nytta namne. I følgje med denne sterke tradisjonen brukte Elizabeth namnet «Elizabeth Barrett Moulton Barrett» på juridiske dokument, og før ho gifta seg omtalte ho seg ofte som «Elizabeth Barrett Barrett» eller «EBB» (initialar ho kunne halda på etter at ho gifta seg).[1] Far til Elizabeth valde å oppdra familien i England, medan forretningsverksemda blei verande på Jamaica. Mor til Elizabeth, Mary Graham Clarke, eigde òg plantasjar som blei dyrka av slavar i Britisk Vestindia.
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Ein reknar med at Elizabeth Barrett Moulton-Barrett blei fødd 6. mars 1806 i Coxhoe Hall, mellom landsbyane Coxhoe og Kelloe i County Durham. Foreldra hennar var Edward Barrett Moulton-Barrett og Mary Graham Clarke. Det er også blitt hevda at ho, då ho blei døypt 9. mars, allereie kan ha vore tre eller fire månader gammal,[2] og at dette var blitt halde skjult fordi foreldra berre hadde gifta seg 14. mai 1805. Sjølv om ho allereie var blitt døypt av ein venn av familien, blei ho døypt opp att, meir offentleg, den 10. februar 1808 i Kelloe soknekyrkje på same tid som den yngre broren sin Edward (kjend som «Bro»). Han var fødd i juni 1807. Ein privat dåp kan verka noko uvanleg for ein familie av høg stand, og medan fødselen til Bro blei feira med ein fridag på familien sine plantasjar i Karibia, galdt ikkje det same for den til Elizabeth.
Elizabeth var den eldste av ein ungeflokk på tolv (åtte gutar og fire jenter). Elleve av dei levde opp; ei jente døydde då ho var tre år gammal, og Elizabeth var åtte. Alle ungane hadde kallenamn, det til Elizabeth var «Ba». Ho reid på ponnien sin, drog på gåturar og piknikar med familien, var i lag med andre velståande familiar og tok del i teateroppsetjingar i heimen. Til skilnad frå syskena fordjupa ho seg i bøker å ofte ho kunne koma unna dei sosiale rituala til familien.
I 1809 flytta familien til Hope End, ein eigedom på 500 acre (200 ha) nær Malvern Hills i Ledbury i Herefordshire.[1] Far hennar gjorde om det georgiske huset på staden til ein stall, og fekk bygd eit nytt herskapshus i fabelaktig tyrkisk-inspirert design. Kona hans skildra det som noko frå Tusen og ei natt.
Elizabeth fekk opplæring heime med Daniel McSwiney som privatlærar, i lag med den eldste bror sin.[3] Ho byrja skriva vers som fireåring.[4] I løpet av tida i Hope End var ho ivrig etter å læra og tidleg ute.[5] Etter eige utsegn var ho seks då ho byrja lesa romanar og åtte då ho blei fenga av Pope sine omsetjingar av Homer. Ho studerte gresk då ho var ti, og skreiv sitt eige homeriske epos, The Battle of Marathon: A Poem, då ho var elleve.[1]
Herr Barrett gav ut The Battle of Marathon privat i 1820, men alle eksemplara blei verande innan familien.[4] Fru Barrett samla dikta hennar i Poems by Elizabeth B. Barrett. Faren kalla henne «Poet Laureate of Hope End», og oppmuntra diktinga. Alt dette førte fram til den største samlinga av ungdomsarbeid frå nokon engelsk forfattar. Mary Russell Mitford skildra den unge Elizabeth på denne tida med «a slight, delicate figure, with a shower of dark curls falling on each side of a most expressive face; large, tender eyes, richly fringed by dark eyelashes, and a smile like a sunbeam.»
Rundt denne tida fekk Elizabeth ein sjukdom som medisinen i samtida ikkje klarte å diagnostisera.[1] Alle tre systrene fekk symptom, men dei blei berre varige for Elizabeth. Ho hadde intense smerter i hovudet og ryggen, med tap av mobilitet. Ulike biografiar har knytt dette til ei rideulukke på denne tida, då ho fall medan ho prøvde å koma seg av ein hest, men det finst ikkje prov på eit samband. Ho blei sendt til Gloucester spa for å koma seg, og blei behandla for eit problem med ryggsøyla, i mangel på symptom for ein annan diagnose.[6] Sjølv om denne lidinga blei verande med henne gjennom resten av livet, meiner ein at ho ikkje var knytt til lungesjukdommen som Elizabeth utvikla i 1837.[1]
Ho byrja ta opiat mot smertene, laudanum (eit produkt som inneheldt opium) og deretter morfin, begge vanlege medisinar på den tida. Ho kom til å bli avhengig av dei i store delar av vaksenlivet, og bruken frå ungdommen av kan godt ha bidratt til den skrøpelege helsa hennar. Biografar som Alethea Hayter har antyda at dei også kan ha bidrege til den ville livfullheiten i fantasien hennar og poesien han førte til.[7]
I 1821 hadde ho lese A Vindication of the Rights of Woman (1792) av Mary Wollstonecraft, og blei ein ihuga forkjempar for Wollstonecraft sine politiske idear.[1] Den intellektuelle fascinasjonen ho hadde for klassiske idear og metafysikk blei spegla i ein religiøs intensitet som ho seinare skildra som «ikkje den djupe overtydinga til ein mild kristen, men dei ville visjonane til ein lidenskapleg person».[8] Familien gjekk til gudstenester i det næraste dissidentarkappellet, og Edward Barrett var aktiv i bibel- og misjonsforeiningar.
Mor til Elizabeth døydde i 1828, og er gravlagd ved St Michael's Church i Ledbury, ved sida av dottera Mary. Sarah Graham-Clarke, tanta til Elizabeth, hjelpte til med å sjå etter ungane, og hadde konfliktar med den viljesterke Elizabeth. I 1831 døydde bestemora til jenta, Elizabeth Moulton. Etter rettstvistar og avskaffinga av slaveriet, som familievelstanden bygde på, hadde herr Barrett store økonomiske tap som gjorde han nøydd til å selja Hope End. Sjølv om familien aldri blei direkte fattig, blei eigedommen overteken og lagt ut for sal for å tilfredsstilla kreditorane hans. Barrett var alltid løyndomsfull om den økonomiske stoda, og ville ikkje diskutera tilstanden med andre. Familien levde lenge med frykta om at dei kanskje måtte flytta til Jamaica.
Frå 1833 til 1835 budde Elizabeth og familien i Belle Vue i Sidmouth. Staden er no blitt omdøypt til Cedar Shade og ombygd, men ein blå plakett er sett opp til minne om at ho budde der. I 1838, nokre år etter salet av Hope End, slo familien seg ned i 50 Wimpole Street i London.
I tida 1837–38 var diktaren igjen plaga av sjukdom, med symptom som ein i dag kan tolka som tuberkuløs sårdanning i lungene. På oppmoding frå familielegen drog ho frå London til kystbyen Torquay. Så fann det stad to tragediar. I februar 1840 døydde broren Samuel av ein febersjukdom på Jamaica. I juli same året drukna favorittbroren hennar Edward («Bro») i ei båtulukke i Torquay. Dette fekk ei negativ påverknad på den allereie dårlege helsa hennar. Ho følte skuld, ettersom far hennar hadde vore motvillig til at Edward skulle vera i lag med henne i Torquay. Ho brevveksla mykje med Mary Russell Mitford, både om personlege kvaler og intellektuelle idear. Mitford sendte henne ein spaniel, Flush, for å gje henne noko meir å leva for, i januar 1841. Virginia Woolf kom seinare til å skriva ei fiktiv livsskildring for hunden i Flush: A Biography frå 1933.
Suksess som diktar
[endre | endre wikiteksten]Tilbake i Wimpole Street var Elizabeth mesteparten av tida oppe på soverommet sitt. Helsa hennar byrja å bli betre, men ho var i lag med få andre enn den næraste familien.[1] Ein av dei ho møtte var John Kenyon, ein rik venn og velgjerar som var fjernt i slekt med dei.
Mellom 1841 og 1844 skreiv Elizabeth mykje av både poesi, omsetting og prosa. Diktet The Cry of the Children, som blei gjeve ut i 1842 i Blackwood's, fordømte barnearbeid og bidrog til å bringa fram barnearbeid-reformer ved å heva støtta til Lord Shaftesbury sitt lovforslag Ten Hours Bill frå 1844.[1] På same tid bidrog ho med kritiske prosaverk til Richard Henry Horne sitt A New Spirit of the Age, inkludert eit lovprisande essay om Thomas Carlyle.
I 1844 gav ho ut to band med dikt, der mellom anna «A Drama of Exile», «A Vision of Poets» og «Lady Geraldine's Courtship» var med. Ho gav også ut to viktige kritiske essay i The Athenaeum i 1842. Ho omtalte seg sjølv som ein «beundrar av Carlyle», og sendte han eit eksemplar som «ei hylling av beundring og respekt». Dette byrja ein korrespondanse mellom dei.[9][10] «Sidan ho ikkje var nøydd til å utføra huslege syslar slik som systrene sine, kunne Barrett Browning no via seg heilt til sinnslivet, dyrka ein enorm korrespondanse, lesa mykje», ifølgje Mary Sanders Pollock.[11] Den store produksjonen hennar gjorde henne til ein rival til Tennyson som kandidat til å bli poet laureate i 1850, etter at Wordsworth døydde.[1]
Det er sett opp ein blå plakett av Royal Society of Arts til minne om Elizabeth ved 50 Wimpole Street.[12]
Robert Browning og Italia
[endre | endre wikiteksten]Diktsamlinga hennar Poems frå 1844 gjorde henne til ein av dei mest populære skribentane i landet, og inspirerte Robert Browning til å skriva til henne. Han skreiv: «Eg elskar versa dine med heile mitt hjarte, kjære frøken Barrett, » og roste dei for «frisk underleg musikk, det rike språket, den utsøkte patosen og sanne, nye, modige tankar».[1]
Kenyon gav Browning høve til å møta Elizabeth den 20. mai 1845, i rommet hennar, og slik byrja ei av dei mest kjende kjærleikssogene i litteraturverda. Elizabeth hadde allereie produsert ei stor mengd verk, men Browning hadde stor innverknad på dei seinare verka hennar, og ho på hans. To av dei best kjende stykka hennar blei skrivne etter at ho møtte Browning, Sonnets from the Portuguese[13] og Aurora Leigh. Browning sitt verk Men and Women stammar òg frå denne tida.
Friartida og ekteskapet mellom Robert Browning og Elizabeth gjekk føre seg i løynd, ettersom ho visste at far hennar ville vera imot det. Etter ein privat vigsel i St Marylebone Parish Church drog dei på bryllaupsreise til Paris før dei i september 1846 flytta til Italia, der dei budde nesten heile tida fram til Elizabeth døydde. Elizabeth Wilson, som var den lojale kammertenaren til Elizabeth, var vitne til vigselen og følgde med paret med til Italia.[1]
Herr Barrett gjorde Elizabeth arvelaus, slik han gjorde med alle borna sine som gifta seg. Elisabeth hadde venta sinnet til faren, men hadde ikkje venta at brørne hennar òg ville avvisa henne.[1] Ho hadde ein del pengar sjølv, og det var nok for paret til å dra til Italia. Ekteparet Browning var godt respektert, og til og med berømt. Elizabeth fekk betre helse, og i 1849, då ho var 43 og mellom fire spontanabortar, fekk ho ein son, Robert Wiedeman Barrett Browning, som dei kalla «Pen». Sonen deira gifta seg seinare, men fekk ikkje nokon ektefødde barn.
Paret blei kjent med ein brei krins av kunstnarar og skribentar som mellom anna omfatta William Makepeace Thackeray, skulptøren Harriet Hosmer og forfattaren Harriet Beecher Stowe. I 1849 møtte Elizabeth Margaret Fuller, i 1851 Carlyle, og i 1852 den franske forfattaren George Sand, som ho hadde lenge beundra. Blant dei nære venene hennar i Firenze var forfattaren Isa Blagden, som ho oppfordra til å skriva romanar.[14] Dei møtte Alfred Tennyson i Paris, og John Forster, Samuel Rogers og ekteparet Carlyle i London. Seinare blei dei også vener med Charles Kingsley og John Ruskin.[1]
Sjukdom og død
[endre | endre wikiteksten]Etter at fyrst ein gamal ven, G.B. Hunter, og så far hennar døydde, byrja Elizabeth Barrett Browning sjølv å få dårleg helse. Familien flytta frå Firenze til Siena, og budde i Villa Alberti. Ho var opptatt av italiensk politikk og gav ut ei lita samling av politiske dikt med tittelen Poems before Congress (1860), som uttrykte støtte for den italienske samlinga etter utbrotet av den andre sjølvstendekrigen i 1859.[15] Utgjevinga førte til raseri i England, og dei konservative tidsskrifta Blackwood's og Saturday Review kalla henne fanatisk. Ho dediserte denne boka til mannen sin. Det siste verket hennar var A Musical Instrument, som blei gjeve ut posthumt.
Barrett Browning si syster Henrietta døydde i november 1860. Vinteren 1860–61 var paret i Roma, der helsa til Barrett Browning blei endå dårlegare. Dei vende tilbake til Firenze tidleg i juni 1861. Ho blei stadig svakare, og brukte morfin for å letta smera. Ho døydde 29. juni 1861, i armane til ektemannen. Browning said at ho døydde «smilingly, happily, and with a face like a girl's.... Her last word was... 'Beautiful'».[1] Ho blei gravlagd i det protestantiske English Cemetery i Firenze.[16] Nøyaktig kva sjukdommen hennar bestod av er aldri blitt heilt klargjort.
Publikasjonar
[endre | endre wikiteksten]Barrett Browning skreiv sitt første dikt då ho var seks eller åtte år, «On the Cruelty of Forcement to Man», som ein protest mot å tvinga menn til å gå inn i marinen.[17] Manuskriptet er i Berg-samlinga til New York Public Library. Den eksakte datoen diktet blei skrive er omdiskutert ettersom 2-talet i datoen 1812 er skrive over noko anna som er skribla vekk.[15]
Den fyrste sjølvstendige utgjevinga hennar var «Stanzas Excited by Reflections on the Present State of Greece» i The New Monthly Magazine i mai 1821. To månader seinare gav ho ut «Thoughts Awakened by Contemplating a Piece of the Palm which Grows on the Summit of the Acropolis at Athens».[15]
Den fyrste diktsamlinga hennar, An Essay on Mind, with Other Poems, kom ut i 1826 og spegla lidenskapen hennar for Byron og gresk politikk i samtida.[15] Utgjevinga fekk merksemd frå to lærde innan gresk, Hugh Stuart Boyd og Uvedale Price, og førte til brevvekslingar med dei.[1] Andre ho brevveksla med heile livet var fru James Martin frå Colwall. Seinare omsette ho på forslag frå Boyd Promethevs i lenker av Aiskylos (publisert i 1833; gjenomsett i 1850). Gjennom vennskapen deira studerte Barrett klassisk gresk litteratur, som Homer, Pindar og Aristofanes.[1]
Elizabeth var slaverimotstandar, og gav ut to dikt som understrekte barbarismen i slaveriet og uttrykte støtta hennar for rørsla som ville avskaffa det: «The Runaway Slave at Pilgrim's Point» og «A Curse for a Nation». Det fyrste skildrar ei slavekvinne som blir piska, valdteken og gjort gravid og som forbannar slavehaldarane sine.[1] Elizabeth erklærte seg glad for at slavane var «nærast frie» då Slavery Abolition Act blei vedtatt i det britiske parlamentet, sjølv om far hennar meinte avskaffinga ville øydeleggja forretningane hans.
Tidspunktet for utgjevinga av desse dikta er omdiskutert, men standpunktet hennar om slaveri i dikta er klar, og kan ha ført til ein konflikt mellom Elizabeth og far hennar. Ho skreiv til John Ruskin i 1855: «Eg tilhøyrer ei familie som hadde slavar i Vestindia, og om eg trudde på forbanningar, ville eg vera redd.» Faren og onkelen hennar blei ikkje råka av Baptistkrigen på Jamaica (1831-1832), og heldt fram med å eiga slavar til slaveriet blei avskaffa ved lov.[1]
I London introduserte John Kenyon Elizabeth for litterære figurer som William Wordsworth, Mary Russell Mitford, Samuel Taylor Coleridge, Alfred Tennyson og Thomas Carlyle. Elisabeth heldt fram med å skriva, og bidrog med «The Romaunt of Margaret», «The Romaint of the Page», «The Poet's Vow» og andre stykke til ulike periodiske utgåve. Ho korresponderte med andre skribentar, inkludert Mary Russell Mitford, som kom til å bli ein nær ven og støtta dei litterære ambisjonane til Elizabeth.[1]
I 1838 kom The Seraphim and Other Poems ut. Dette var den fyrste boka med den mogne poesien til Elizabeth som blei gjeve ut under hennar eige namn.
Sonets from the Portugues kom ut i 1850. Det er omstridd kva opphavet til tittelen er. Nokre meiner han viser til ein serie sonettar av den portugisiske diktaren Luís de Camões frå 1500-talet. «My little Portuguese» var elles eit kjælenamn Browning brukte for Elizabeth, og tittelen kan ha noko samband med det.[18]
Verseromanen Aurora Leigh, den mest ambisiøse og kanskje den mest populære av dei lengste dikta hennar, kom ut i 1856. Det fortel om ein kvinneleg forfattar som balanserer arbeid og kjærleik, og er basert på opplevingane til Elizabeth. Aurora Leigh var ein viktig påverknad på tankane til Susan B. Anthony om tradisjonelle kvinneroller med omsyn til ekteskap versus uavhengig individualitet.[19]
Åndeleg påverknad
[endre | endre wikiteksten]Mange av verka til Barrett Browning har religiøse tema. Ho hadde lese og studert verk som Paradise Lost av Milton og Inferno av Dante. Ho skreiv at «Christ's religion is essentially poetry – poetry glorified.». Ho utforska religiøse aspekt i mange av dikta sine, særleg i dei tidlege verka, som sonettane.
Ho var interessert i teologiske ordskifte, og hadde lært seg hebraisk og lese den hebraiske Bibelen.[20] Aurora Leigh har til dømes religiøse bilde og referansar til apokalypsen. Kritikaren Cynthia Scheinberg merka seg at kvinnelege karakterar i Aurora Leigh og det tidlegare verket «The Virgin Mary to the Child Jesus» refererer til Miriam, systera til Moses.[21] Desse tilvisingane til Miriam i begge dikta speglar måten Barrett Browning sjølv henta inspirasjon frå jødisk historie på, medan ho samtidig heldt ein viss avstand, for å halda på kulturnormene for ein kristen kvinneleg diktar i viktoriatida.[21]
Verk (samlingar)
[endre | endre wikiteksten]- 1820: The Battle of Marathon: A Poem. Privat gjeve ut.
- 1826: An Essay on Mind, with Other Poems. London: James Duncan
- 1833: Prometheus Bound, Translated from the Greek of Aeschylus, and Miscellaneous Poems. London: A.J. Valpy
- 1838: The Seraphim, and Other Poems. London: Saunders and Otley
- 1844: Poems (UK) / A Drama of Exile, and other Poems (US). London: Edward Moxon. New York: Henry G. Langley
- 1850: Poems ("New Edition", 2 bd.) Revisjon av utgåva frå 1844 med Sonnets from the Portuguese og andre lagt til. London: Chapman & Hall
- 1851: Casa Guidi Windows. London: Chapman & Hall
- 1853: Poems (3d ed.). London: Chapman & Hall
- 1854: Two Poems: "A Plea for the Ragged Schools of London" (by Elizabeth Barrett Browning) and "The Twins" (by Robert Browning). London: Chapman & Hall
- 1856: Poems (4. utg.). London: Chapman & Hall
- 1856: Aurora Leigh. London: Chapman & Hall
- 1860: Poems Before Congress. London: Chapman & Hall
- 1862: Last Poems. London: Chapman & Hall
Posthume utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- 1863: The Greek Christian Poets and the English Poets. London: Chapman & Hall
- 1877: The Earlier Poems of Elizabeth Barrett Browning, 1826–1833, red. Richard Herne Shepherd. London: Bartholomew Robson
- 1877: Letters of Elizabeth Barrett Browning Addressed to Richard Hengist Horne, with comments on contemporaries, 2 vols., red. S.R.T. Mayer. London: Richard Bentley & Son
- 1897: Letters of Elizabeth Barrett Browning, 2 vols., red. Frederic G. Kenyon. London:Smith, Elder,& Co.
- 1899: Letters of Robert Browning and Elizabeth Barrett Barrett 1845–1846, 2 vol., red Robert W. Barrett Browning. London: Smith, Elder & Co.
- 1914: New Poems by Robert Browning and Elizabeth Barrett Browning, red. Frederic G Kenyon. London: Smith, Elder & Co.
- 1929: Elizabeth Barrett Browning: Letters to Her Sister, 1846–1859, red. Leonard Huxley. London: John Murray
- 1935: Twenty-Two Unpublished Letters of Elizabeth Barrett Browning and Robert Browning to Henrietta and Arabella Moulton Barrett. New York: United Feature Syndicate
- 1939: Letters from Elizabeth Barrett to B.R. Haydon, red. Martha Hale Shackford. New York: Oxford University Press
- 1954: Elizabeth Barrett to Miss Mitford, red. Betty Miller. London: John Murray
- 1955: Unpublished Letters of Elizabeth Barrett Browning to Hugh Stuart Boyd, red. Barbara P. McCarthy. New Heaven, Conn.: Yale University Press
- 1958: Letters of the Brownings to George Barrett, red. Paul Landis med Ronald E. Freeman. Urbana: University of Illinois Press
- 1974: Elizabeth Barrett Browning's Letters to Mrs. David Ogilvy, 1849–1861, red. P. Heydon and P. Kelley. New York: Quadrangle, New York Times Book Co., and Browning Institute
- 1984: The Brownings' Correspondence, red. Phillip Kelley, Ronald Hudson, and Scott Lewis. Winfield, Kansas: Wedgestone Press
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 Marjorie Stone, "Browning, Elizabeth Barrett (1806–1861)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edition, October 2008.
- ↑ Sampson, Fiona (2021).
- ↑ Dorothy Mermin (1989), Elizabeth Barrett Browning: The Origins of a New Poetry, University of Chicago Press, ISBN 978-0226520391, pp. 19–20.
- ↑ 4,0 4,1 "Browning, Elizabeth Barrett: Introduction."
- ↑ Taplin, Gardner B. The Life of Elizabeth Browning New Haven: Yale University Press (1957).
- ↑ Taylor, Beverly.
- ↑ Hayter, Alethea (1962).
- ↑ Everett, Glenn (2002).
- ↑ Raymond, Meredith B.; Sullivan, Mary Rose, red. (1983). The Letters of Elizabeth Barrett Browning to Mary Russell Mitford 1836–1854 1. Waco, Tex.: Armstrong Browning Library. s. 378.
- ↑ Raymond, Meredith B.; Sullivan, Mary Rose, red. (1983). The Letters of Elizabeth Barrett Browning to Mary Russell Mitford, 1836–1854 2. Waco, Tex.: Armstrong Browning Library. s. 438.
- ↑ Mary Sanders Pollock (2003). Elizabeth Barrett and Robert Browning: a creative partnership. Ashgate Publishing, Ltd. ISBN 978-0-7546-3328-0. Henta 22 October 2011.
- ↑ «Barrett, Elizabeth Barrett (1806–1861)». English Heritage. Henta 23 October 2012.
- ↑ Elizabeth Barrett Browning (15 August 1986). Sonnets from the Portuguese: A Celebration of Love. St. Martin's Press. ISBN 978-0-312-74501-1.
- ↑ "Isa Blagden", I: The Brownings' Correspondence.
- ↑ 15,0 15,1 15,2 15,3 Elizabeth Barrett Browning (2010). "The" works of Elizabeth Barrett Browning. ISBN 978-1-85196-900-5.
- ↑ «Poetsgraves.co.uk».
- ↑ Browning, Elizabeth Barrett (30 July 2009). «On the Cruelty of Forcement to Man Alluding to the Press Gang». Elizbeth Barrett Browning Selected Poems. ISBN 9781770481237.
- ↑ Wall, Jennifer Kingma. «Love and Marriage: How Biographical Interpretation affected the Reception of Elizabeth Barrett Browning's "Sonnets from the Portuguese" (1850)». The Victorian Web. Henta 2 January 2015. «the title was actually a reference to a term of endearment Robert had for Elizabeth, my little Portuguese, a reference to her dark complexion»
- ↑ Alma Lutz (1959). Susan B. Anthony Rebel, Crusader, Humanitarian. Boston, Beacon Press.
- ↑ Linda M. Lewis (January 1998). Elizabeth Barrett Browning's spiritual progress: face to face with God. University of Missouri Press. ISBN 978-0-8262-1146-0. Henta 22 October 2011.
- ↑ 21,0 21,1 Galchinsky, Michael (1 January 2003). «Women's Poetry and Religion in Victorian England: Jewish Identity and Christian Culture (review)». Victorian Studies 45 (3): 551–553. ISSN 1527-2052. doi:10.1353/vic.2003.0122.
- Denne artikkelen bygger på «Elizabeth Barrett Browning» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barrett, Robert Assheton. The Barretts of Jamaica – The family of Elizabeth Barrett Browning (1927). Armstrong Browning Library of Baylor University, Browning Society, Wedgestone Press in Winfield, Kan, 2000.
- Elizabeth Barrett Browning. "Aurora Leigh and Other Poems", eds. John Robert Glorney Bolton and Julia Bolton Holloway. Harmondsworth: Penguin, 1995.
- Donaldson, Sandra, et al., eds. The Works of Elizabeth Barrett Browning. 5 vols. London: Pickering & Chatto, 2010.
- The Complete Works of Elizabeth Barrett Browning, eds. Charlotte Porter and Helen A. Clarke. New York: Thomas Y. Crowell, 1900.
- Creston, Dormer. Andromeda in Wimpole Street: The Romance of Elizabeth Barrett Browning. London: Eyre & Spottiswoode, 1929.
- Everett, Glenn. Life of Elizabeth Browning. The Victorian Web 2002.
- Forster, Margaret. Elizabeth Barrett Browning. New York: Random House, Vintage Classics, 2004.
- Hayter, Alethea. Elizabeth Barrett Browning (published for the British Council and the National Book League). London: Longmans, Green & Co., 1965.
- Kaplan, Cora. Aurora Leigh and Other Poems. London: The Women's Press Limited, 1978.
- Kelley, Philip et al. (Eds.) The Brownings' Correspondence. 29 vols. to date. (Wedgestone, 1984–) (Complete letters of Elizabeth Barrett Browning and Robert Browning, so far to 1861. This edition is now complete for Elizabeth.)
- Lewis, Linda. Elizabeth Barrett Browning's Spiritual Progress. Missouri: Missouri University Press. 1997.
- Mander, Rosalie. Mrs Browning: The Story of Elizabeth Barrett. London: Weidenfeld and Nicolson, 1980.
- Marks, Jeannette. The Family of the Barrett: A Colonial Romance. London: Macmillan, 1938.
- Markus, Julia. Dared and Done: Marriage of Elizabeth Barrett and Robert Browning. Ohio University Press, 1995.
- Meyers, Jeffrey. Edgar Allan Poe: His Life and Legacy. New York City: Cooper Square Press, 1992: 160.
- Peterson, William S. Sonnets from the Portuguese. Massachusetts: Barre Publishing, 1977.
- Pollock, Mary Sanders. Elizabeth Barrett and Robert Browning: A Creative Partnership. England: Ashgate Publishing Company, 2003.
- Sampson, Fiona. Two Way Mirror: The Life of Elizabeth Barrett Browning. Profile Books, 2021.
- Sova, Dawn B. Edgar Allan Poe: A to Z. New York City: Checkmark Books, 2001.
- Stephenson Glennis. Elizabeth Barrett Browning and the Poetry of Love. Ann Arbor: UMI Research Press, 1989.
- Taplin, Gardner B. The Life of Elizabeth Browning. New Haven: Yale University Press, 1957.
- Thomas, Dwight and David K. Jackson. The Poe Log: A Documentary Life of Edgar Allan Poe, 1809–1849. New York: G. K. Hall & Co., 1987: 591.