Elizabeth Gaskell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elizabeth Gaskell
Elizabeth Gaskell.jpg
Elizabeth Gaskell, portrett frå 1851 av George Richmond
Pseudonym Cotton Mather Mills
Nasjonalitet Flag of the United Kingdom.svg UK
Flag of England.svg England
Fødd 29. september 1810
London, Chelsea, Cheyne Walk
Død

12. november 1865 (55 år)
Alton i Hampshire, Holybourne House

Yrke skribent, romanforfattar, biograf
Språk Engelsk
Periode 1848–1865
Sjanger Romaner, noveller, dikt
Far William Stevenson
Mor Elizabeth Holland
Ektefelle William Gaskell
Born Florence Elizabeth Gaskell
Elizabeth Gaskell på Commons

Elizabeth Cleghorn Gaskell (29. september 181012. november 1865), fødd Stevenson, ofte kjend som Mrs Gaskell, var ein britisk forfattar av romanar og noveller i viktoriatida. Romanane hennar gav eit detaljert portrett av liva til mange samfunnslag, også dei svært fattige. Av denn grunnen er forteljingane hennar òg av interesse for sosialhistorikarar i tillegg til litteraturforskarar.[1] Dem første romanen hennar tok parti for arbeidarklassa. I ein annan tendensroman angreip ho dobbeltmoralen knytt til «falne» kvinner. Ho reiste òg mykje utanlands og skildra framande levevis og skikkar. Den siste romanen sin skreiv ho delvis i Paris, men døydde før han var fullført.

Dei best kjende romanane hennar er Cranford (1853), North and South (1855), og Wives and Daughters (Hustruer og døtre, 1864-1866).

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Gaskell var fødd som Elizabeth Stevenson i 1810 i 93 Cheyne Walk i Chelsea, som den gongen låg i utkanten av London. Ho var det åttande og siste barnet til foreldra, men berre ho og broren John overlevde barndomen. Faren, William Stevenson, var ein skotsk unitarisk prest ved Failsworth i Lancashire, men gav opp stillinga si av samvitsgrunnar og flytta familien til London i 1806. Føremålet var å reisa til India etter å ha blitt privatsekretæren til jarlen av Lauderdale, som var utnemnd til generalguvernør av India. Denne stillinga blei ikkje noko av, og Stevenson fekk seg i staden stilling som keeper (bibliotekar) av Treasury Records (det viktigaste dokumentarkivet i riket). Kona til Stevenson, Elizabeth Holland, kom frå ein familie i Midlands som var vel knytt til unitariske familiar som Wedgwood, Turner og Darwin. Då ho døydde tre månader etter å ha fødd Gaskell, etterlét ho ein fortumla ektemann som ikkje såg anna alternativ for unge Elizabeth enn å senda henne av stad for å bu hjå moster si, Hannah Lumb, i Knutsford i Cheshire.[2]

Medan Gaskell voks opp var framtida hennar svært usikker. Ho hadde ingen personleg formue og ingen sikker heim, sjølv om ho var fast gjest hjå moster si. Far hennar gifta seg opp att i 1814 med Catherine Thomson, og paret fekk ein son, William (fødd 1815) og ei dotter, Catherine (fødd 1816). Sjølv om Gaskell i nokre periodar ikkje såg faren og den nye familien hans på fleire år, vitja den eldre broren hennar John henne ofte i Knutsford. Planane for John si framtid var at han skulle gå inn i den britiske marinen som besteforeldra og onklane hans før han, men han hadde ingen inntreden og måtte i staden gå inn i handelsflåten for Det britiske austindiske kompaniet.[3] John blei meld sakna i 1827 på ei sjøreise til India.

Det meste av barndommen til Gaskell budde ho i Cheshire hjå tanta Hannah Lumb i Knutsford, ein by ho seinare udøydeleggjorde som Cranford. Dei budde i eit stort, raudt murhus, Heathwaite, ved Heathside som i dag er oppkalla etter henne, Gaskell Avenue.

Ho var òg til ein del i Newcastle upon Tyne hjå familien til presten William Turner, ein kjend talsmann mot slaveriet, og i Edinburgh. Stemor hennar var syster av den skotske miniatyrkunstnaren William John Thomson, som måla det berømte portrettet av Gaskell frå 1832 i Manchester. I løpet av denne perioden møtte ho og gifta seg med William Gaskell, ein unitarisk prest som hadde sin eigen litterære karriere. Dei hadde kveitebrødsdagane sine i nordlege Wales der dei budde hjå onkelen til Elizabeth, Samuel Holland, som budde i nærleiken av Porthmadog.

Livet i Plymouth Grove[endre | endre wikiteksten]

Ekteparet busette seg i industribyen Manchester. Omgjevnadene, industrien og arbeidarane der kom til å gje inspirasjon til romanane hennar. Dei fekk fleire born: Ein dødfødd dotter i 1833, følgd av Marianne (1834), Margaret Emily (1837), kjend som Meta, Florence Elizabeth (1842), ein høgt elska son William (1844–1845) som berre blei eitt år gammal, og som gjennom den tragiske døden sin blei ein katalysator for forfattarskap hennar gjennm anbefaling og oppmuntring frå ektemannen, og til sist Julia Bradford (1846). Dottera Florence blei gift med ein advokat og politikar, Charles Crompton, i 1862.

I 1850 leigde ekteparet ein nyklassistisk villa i 84 Plymouth Grove i Manchester, etter utgjevinga av den første romanen til Gaskell. Elizabeth Gaskell budde i dette huset med familien sin til ho døydde 15 år seinare.[4] Alle bøkene til Gaskell bortsett frå ei blei skrivne ved Plymouth Grove medan ektemannen hennar heldt velferdsmøte og underviste fattige i arbeidsrommet sitt. Gjennom arbeidet til ektefellen fekk ho god kjennskap til fabrikkarbeidarane sine kår, noko som opprørde henne. Dei sosiale sirklane som ekteparet ferdast i inkluderte ein del litterære berømtheter, religiøse dissenter, og sosiale reformasjonsaktivistar, blant anna forfattarekteparet William og Mary Howitt. Charles Dickens og John Ruskin vitja Plymouth Grove. Gaskell-familien pleidde òg omgang med dei amerikanske forfattarane Harriet Beecher Stowe og Charles Eliot Norton, og dirigenten Charles Hallé budde rett i nærleiken og underviste den eine av dei fire døtrene i pianospel. Ein nær ven, Charlotte Brontë, er kjend for å ha budd der tre gonger, og ved eit høve å ha gøymt seg bak gardinene i stova då ho var altfor sjenert til å møta Gaskells gjester.[5]

Gaskell døydde i Holybourne i Hampshire i 1865, 55 år gammal. Huset i Plymouth Grove blei verande i familien Gaskell sitt eige fram til 1913. Det blei kjøpt av University of Manchester i 1969, og i 2004 tok stiftinga Manchester Historical Buildings Trust over huset. Bygningen blei pussa opp i 2011, og er i dag open for publikum.

Den 25. september 2010 blei det avduka eit minnesmerke for Gaskell ved Poets' Corner («Poethjørnet») i Westminster Abbey. Minnesmerket består av eit panel i Hubbards minnevindauge, over grava til Geoffrey Chaucer. Panelet var ei gåve frå Elizabeth Gaskell sitt tippoldebarn Rosemary Dabbs.[6]

Litterær stil og tema[endre | endre wikiteksten]

«Miss Matty og Peter», illustrasjon frå romanen Cranford

Mary Barton (1848)[endre | endre wikiteksten]

Den første romanen til Elizabeth Gaskell, Mary Barton, blei gjeven ut anonymt i 1848, og er blitt karakterisert som den første engelske arbeidarromanen. Romanen ber undertittelen A Tale of Manchester Life.

Handlinga finn stad i Manchester på 1830- og 1840-talet, og skildrar vanskane i dei lågare samfunnslaga i byrjinga av viktoriatida. Første halvdel av romanen fokuserer hovudsakleg på ulikskapane mellom rike og fattige. Andre halvdel handlar om eit drap. Forfattaren legg vekt på å skildra enkeltskjebner, ikkje skriva propaganda, men tidvis bryt den sosiale harmen gjennom. Løysinga hennar på dei sosiale problema var at det måtte koma til ei «forståing» mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

North and South (1855)[endre | endre wikiteksten]

Ein seinare roman, North and South (Nord og sør) frå 1855, har tematiske likskapstrekk med debutromanen. I North and South skildrar Gaskell kontrasten mellom det yndige livet i Sør-England og det harde industrilivet i Nord-England.

Cranford (1853)[endre | endre wikiteksten]

Den oppdikta byen Cranford har store likskapstrekk med heimbyen til forfattaren, Knutsford i Cheshire. Den humoristiske romanen har inga berande handling og består av ei rekkje episodar i liva til Mary Smith og dei to venninnene hennar, der det viktigaste som skjer er at Peter, den lenge fortapte broren, vender attende, noko som i seg sjølv ein mindre del av forteljinga. Romanen og dei seinare romanane My Lady Ludlow og Mr. Harrison's Confessions var utgangspunktet for tv-serien Cranford frå 2007.

Wives and Daughters (1864-1866)[endre | endre wikiteksten]

Wives and Daughters blei først gjeven ut som føljetong i Cornhill Magazine frå august 1864 og fram til januar 1866. Elizabeth Gaskell døydde uventa i 1865 og fekk difor ikkje fullført føljetongen; den siste delen blei skriven av Frederick Greenwood. Den sentrale figuren i Wives and Daughters er Molly Gibson, den einaste dottera til ein lege og enkemann. Handlinga føregår i ein landsens engelsk by på 1830-talet.

Popularitet[endre | endre wikiteksten]

Gaskell blei populær for forfattarskapen sin, særleg for spøkelsesfortelljnane som fekk støtte frå Charles Dickens ved at han gav dei ut i magasinet sitt Household Words. Desse har eit anna litterært drag enn romanane hennar, med ei klar gotisk åre.

Kontroversialitet[endre | endre wikiteksten]

Gaskell var òg kontroversiell. Den første romanen hennar blei gjeven ut anonymt, men ho blei raskt avslørt. I romanen Ruth (1853) gjekk ho til åtak mot dobbeltmoralen rundt «falne» kvinner, og freista å heva rettne til uektefødde barn og retta opp igjen stillinga til den falne kvinna i samfunnet. Ho var førebudd på at boka kom til å vekka protestar, men den stormen av uvilje og hån som ho blei utsett for var langt heftigare enn ho hadde førestilt seg. Ho blei sterkt nedtrykt og mista sjølvtillita. Ho freista aldri å skriva ein tendensroman som sette samfunnet under debatt igjen. For biografien sin over Charlotte Brontë (1857) fekk ho truslar om æreskrenking frå dei personane ho omtalte eller angreip i boka. Den første biografien om dei tre systrene var elles ei hjertekjær forteljing, og bidrog stort til å byggja opp ryet til systrene Brontë.

Unitarisme[endre | endre wikiteksten]

Unitarismen fremja forståing og toleranse overfor alle religionar, og sjølv om Gaskell freista å halda sine eiga overtydingar skjulte, var desse hjertesakene vesentlege for henne og forfattarskapen hennar. I North and South skildrar ho til dømes korleis «Margaret the Churchwoman, her father the Dissenter, Higgins the Infidel, knelt down together. It did them no harm» («Margaret kyrkjekvinna, far hennar dissentaren, Higgins den vantru, knelte saman. Det tok ingen av dei skade av.»)[7][8]

Nytte av dialekt[endre | endre wikiteksten]

Gaskell lét romanfigurane sine frå lågare samfunnsklassar nytta lokale dialektord. Ektemannen til Gaskellsamla på ord frå Lancashire-dialekten, og i eit brev frå 1854 til Walter Savage Landor forsvarte Elizabeth Gaskell bruken av dialektord fordi ho med det kunne gje uttrykk for elles useielege konsept:[9][10]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Elizabeth Gaskell, ca 1860
Romanar
  • Mary Barton (1848)
  • Cranford (1851–1853)
  • Ruth (1853)
  • North and South (1854–1855)
  • Sylvia's Lovar #seg (1863)
  • Wives and Daughters: An Everyday Story (1865)
Kortromanar og samlingar
  • The Moorland Cottage (1850)
  • Mr. Harrison's Confessions (1851)
  • The Old Nurse's Story (1852)
  • Lizzie Leigh (1855)
  • My Lady Ludlow (1859)
  • Round the Sofa (1859)
  • Lois the Witch (1861)
  • A Dark Night's Work (1863)
  • Cousin Phillis (1864)
Noveller
  • Libbie Marsh's Three Eras (1847)
  • Christmas Storms and Sunshine (1848)
  • The Squire's Story (1853)
  • Half a Life-time Ago (1855)
  • The Poor Clare (1856)
  • «The Manchester Marriage» (1858), et kapittel av A House to Let, skrevet sammen med Charles Dickens, Wilkie Collins, og Adelaide Anne Procter
  • The Haunted House (1859), skrevet sammen med Charles Dickens, Wilkie Collins, Adelaide Proctor, George Sala og Hesba Stretton.
  • The Half-brothers (1859)
  • The Grey Woman (1861)
Sakprosa
  • An Accursed Race (1855)
  • The Life of Charlotte Brontë (1857)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Children in Early Victorian England: Infant Feeding in Literature and Society 1837–1857» i: Journal of Tropical Pediatrics and Environmental Child Health, august 1978 (krever abonnement)
  2. Pollard, Arthur (1965): Mrs. Gaskell: Novelist and Biographer. Manchester University Press. ISBN 0-674-57750-7. s. 12.
  3. Gérin, Winifred (1976): Elizabeth Gaskell. Oxford University Press. ISBN 0-19-281296-3. ss. 10–17.
  4. Uglow J. (1993): Elizabeth Gaskell: A Habit of Stories, Faber and Faber, ISBN 0-571-20359-0
  5. Nurden, Robert (26. mars 2006): «An ending Dickens would have liked», The Independent (London).
  6. «Elizabeth Gaskell» Arkivert 19. august 2011 på Wayback Machine. ved Westminster-abbey.org
  7. Gaskell, Elizabeth (1854–1855): North and South. Penguin Popular Classics. ISBN 978-0-14-062019-1. s. 277
  8. Easson, Angus (1979): Elizabeth Gaskell. Routledge & Kegan Paul Ltd. ISBN 0-7100-0099-5. ss. 12–17
  9. «... you will remember the country people's use of the word «unked». I can't find any other word to express the exact feeling of strange unusual desolate discomfort, and I sometimes «potter» and «mither» people by using it.» Jf. Ingham P. (1995) introduksjonen i Penguin Classics-utgave av North and South
  10. Chapple JAV, Pollard A, reds. (1997): The Letters of Mrs Gaskell. Mandolin, Manchester University Press