Elle-Máijá Tailfeathers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elle-Máijá Tailfeathers
Statsborgarskap Canada
Fødd 1985 (39 år)
Halifax, Cardston
Yrke skodespelar, filmskaper, filmregissør, manusforfattar
Far Bjarne Store-Jakobsen
Nettstad http://elle-maija-tailfeathers.com/

Elle-Máijá Apiniskim Tailfeathers er ein svartfot- og samisk skodespelar, produsent og filmskapar av norsk og canadisk opphav[1] frå Kainai Nation.[2][3][4][5] Ho bur dels i Vancouver[2] i Canada, dels i reservatet Blood Reserve og dels i Sápmi i Noreg.[6]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Tailfeathers er dotter av Bjarne Store-Jakobsen, ein samisk aktivist og journalist, og Esther Tailfeathers, en kainai-svartfotisk aktivist og lækjar. Foreldra hennar møtte kvarandre på ein internasjonal konferanse for urfolk i 1981 i Australia og gifta seg ikkje lenge etter.[7][8][9]

Etter at Elle-Máijá Tailfeather var fødd flytte familien til Karasjok.[10] Der budde dei til ho var rundt seks år gammal; da flytte familien til Nord-Dakota og mor henna byrja å studere medisin ved University of North Dakota.[9] Seinare flytte familien til Canada.[9]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tailfeathers har studert skodespel ved Vancouver Film School og vart uteksaminert derfrå i 2006. Deretter flytte ho til University of British Columbia der ho tok ein grad i First Nations-studium og også studerte kvinne- og kjønnsstudium.[2][6]

Ho starta som skodespelar med vendte seg etter kvart meir mot arbeid bak kamera.[11] Medan ho studerte ved University of British Columbia byrja ho å bruke filmutstyr og å redigere.[6] Ho har spelt ved Beaivváš samiske nasjonalteater i Noreg.[12]

Tematikk og aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Tailfeathers fokuserer på saker som gjeld First Nations – urfolk i Canada – i filmane sine. Vanlegvis er også alle skodespelarane og dei andre som jobbar med produksjonen av filmane hennar urfolk.

Aktivisme er eitt av hovudfokusa hennar som filmskapar[2] saman med sosial rettferd. Sakene ho tek opp er direkte knytte til urfolkskvinner og -samfunn og påverkar dei. I 2011 vart ho arrestert fordi ho deltok i ein ikkje-valdeleg blokade ved inngangen til ein oljebrønn under oppbygging i reservatet Blood Reserve i Alberta.[6]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Lengd Stad Sjanger Produsent
2008 Another Cinderella Story skodespelar 90 min Canada musikkomedie Dylan Sellers Productions
2011 Bloodland forfattar, regissør, produsent 4 min Canada eksperimentell Elle-Máijá Tailfeathers
2012 A Red Girl's Reasoning forfattar, regissør 10 min Canada drama The Crazy8s Film Society
2012 Colonial Gaze Sámi Artists’ Collective medforfattar, medregissør 15 min Noreg mockumentar KOLT Márkomeannu
2013 Hurry Up, You Stupid Cripple produsent, medregissør 10 min Canada dokumentar Elle-Máijá Tailfeathers
2014 Rebel (Bihttoš) forfattar, regissør, medprodusent 14 min Canada/Noreg dokumentar Elle-Máijá Tailfeathers
2016 Unclaimed skodespelar 120 min Canada drama CBC Television
2017 cəsnaʔəm, the city before the city regissør 75 min Canada dokumentar Musqueam First Nations
2019 Blood Quantum skodespelar 96 min Canada skrekkfilm Prospector Films
2019 The Body Remembers When the World Broke Open skodespelar, medregissør 105 min Canada drama

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dowell, K. L. (2015). «The future looks rad from where I stand: A review of claiming space: Voices of urban aboriginal youth at the UBC museum of anthropology». Anthropologica 57 (1). 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Elle-Máijá Tailfeathers». www.bcnu.org. Arkivert frå originalen 12. september 2016. Henta 17. september 2016. 
  3. «Film Screenings: Banchi Hanuse and Elle-Máijá Tailfeathers - SFU Woodward's - Simon Fraser University». www.sfu.ca. Henta 17. september 2016. 
  4. Tailfeathers, Elle-Máijá Apiniskim (21. desember 2016). «A Conversation with Helen Haig-Brown, Lisa Jackson, and Elle-Máijá Apiniskim Tailfeathers, with Some Thoughts to Frame the Conversation». Biography 39 (3): 277–306. ISSN 1529-1456. doi:10.1353/bio.2016.0038. 
  5. Indigenous Youth Wellness, Decolonization with Elle-Máijá Tailfeathers, henta 6. februar 2019 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Chiu, Joanna (Fall 2012). «Fracking fuels filmmaker: interview with Elle-Maija Tailfeathers». Herizons: 8. 
  7. «Filming your family's past» (på engelsk). CBC Radio. 4. august 2015. Henta 9. november 2021. 
  8. Rasmus, Linnea (25. januar 2020). «Čáhppesjuolgi-sápmelaš Elle-Máijá Tailfeathers oaččui Skábmagovat-bálkkašumi: "Mun lean nu hirpmástuvvan, dat lea stuorra gudni» (på nordsamisk). CBC Radio. Henta 9. november 2021. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Dembicki, Geoff (2017). Are We Screwed?: How a New Generation is Fighting to Survive Climate Change (på engelsk). Bloomsbury Publishing. ISBN 9781632864819. 
  10. Vilpponen, Susanna (5. juli 2020). «Saamelainen kohtaa yhä rasismia Suomessa» (på finsk). Kansan uutiset. Henta 10. november 2021. 
  11. September 8, Dusty; Exner (8. september 2017). «c'əsnaʔəm: the city before the city : Interview with filmmaker Elle-Máijá Tailfeathers». CiTR: Discorder Magazine (på engelsk). Henta 5. februar 2019. 
  12. Larsen, Dan Robert (26. januar 2015), «Samejenta Elle-Máijá (29) har havnet i en eksklusiv liste», NRK, henta 12. april 2020