Ellef Ringnes' øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ellef Ringnes-øya)
Ellef Ringnes' øy
øy
Land  Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet
Areal 11 295 km²
Folketal 0
Kart
Ellef Ringnes' øy
78°30′N 102°00′W / 78.5°N 102°W / 78.5; -102
Wikimedia Commons: Ellef Ringnes Island

Ellef Ringnes' øy (engelsk: Ellef Ringnes Island) er ei av Sverdrupøyane i arktisk Canada. Ho dekkjer eit landareal på 11 295 km², og er ei av verdas største folketome øyar. På vestkysten av øya ligg verstasjonen Isachsen. Han var bemanna frå 1948, men vart automatisert i 1978.

Den norske polarforskaren Otto Sverdrup utforska øya omkring 1900, og gav ho namn etter Ellef Ringnes, ein av dei som hadde vore med å finansiere Sverdrup sin polar-ekspedisjon. Ei naboøy vart kalla opp etter Amund Ringnes, bror til Ellef. Noreg gjorde krav på øya frå 1902, kravet vart fråfalle i 1930.

Ellef Ringnes' øy er det siste landområdet som har hatt den magnetiske nordpolen. I 1994 fastslo canadiske vitskapsmenn at den magnetiske polen låg på øya. Han har sidan flytta seg ut i Nordishavet, og ligg i dag ca. 400 km nord-nordvest for øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]